Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
12-månadersvekst på 1,8 prosent
Konsumprisindeksen (KPI) siste 12 månader fall frå 2,2 prosent i oktober til 1,8 prosent i november. Nedgangen kjem i all hovudsak av prisutviklinga på elektrisitet og bensin. Konsumprisane steig med 0,1 prosent frå 15. oktober til 15. november.
KPI var 108,7 (1998=100) i november i år, mot 106,8 i november 2000. 12-månadersveksten i KPI justert for endringar i avgifter og utan energivarer (KPI-JAE) var 2,5 prosent i november.
Prisendring frå oktober til november: Konsumprisane opp 0,1 prosent
Husleiger for bustader i partslag og på leigemarknaden (betalt husleige) auka samla med 0,4 prosent i november. Det var berre på leigemarknaden det vart registrert oppgang. Bukostnadene for sjølveigarar steig noko meir med 0,6 prosent. Prisane på elektrisitet gjekk svakt ned i november med 0,1 prosent. I same periode i fjor auka derimot elektrisitetsprisane heile 6,1 prosent.
Prisane på klede og skotøy steig samla med 0,7 prosent i november. Prisane på skotøy auka noko meir enn prisane på klede. Prisane på klede og skotøy låg i november noko over prisnivået for mai og juni.
Bensinprisane fall ytterlegare i november med 4,3 prosent og medverka dermed mest til å dempe prisoppgangen frå oktober til november. Prisane på bensin har falle kraftig sidan mai. Prisane på transporttenester trekte derimot i motsett retning som ei følgje av høgare billettprisar på sporvogn, buss og båt.
Matvareprisane fall svakt med 0,1 prosent siste månad. Dette kjem hovudsakleg av ein nedgang på frisk frukt og friske grønsaker. Det vart derimot registrert prisoppgang på fleire meieriprodukt som kan bli sett i samanheng med jordbruksoppgjøret 2001. På grunn av momsreduksjonen på matvarer og alkoholfrie drikkevarer frå 1. juli, vart det vedteke å utsetje verknadene frå jordbruksoppgjøret til 1. november.
12-månadersveksten: Framleis høge elektrisitetsprisar
Dei siste 12 månadene har KPI stige med 1,8 prosent. Det er den lågaste 12-månadersveksten sidan desember 1996. Det er prisauken på varer og tenester i gruppa bustad, lys og brensel som står for det klart høgaste bidraget til konsumprisveksten og det kjem i stor grad av den sterke veksten i elektrisitetsprisane. Sjølv om elektrisitetsprisane har falle svakt dei siste månadene var elektrisitetsprisane i november 22,6 prosent høgare enn på same tid i fjor. Dei høge elektrisitetsprisane har blant anna samanheng med auken i forbruksavgifta på elektrisitet frå 8,56 øre/kWh til 11,30 øre/kWh ved årsskiftet. KPI utan elektrisitet har stige med 0,9 prosent siste 12 månader. Resten av tilskottet til auken frå denne gruppa kjem frå auka husleiger og auka prisar på varer og tenester knytte til vedlikehald og reparasjon av bustad.
Gruppa andre varer og tenester har stige med 4,0 prosent 12 siste månader og bidraget til konsumprisveksten er i overkant av 0,2 prosentpoeng. Dette kjem hovudsakleg av prisauke på produkt knytte til personleg pleie. Det er særleg høgare prisar på frisørtenester og toalettartiklar som har påverka prisutviklinga. Utgifter til forsikring har også medverka til prisveksten i gruppa.
Innanfor gruppa transport har transporttenestene hatt den sterkaste prisveksten. Hovudårsaka er prisane på flybillettar som har vorte heile 22,9 prosent høgare dei siste 12 månadene. Andre tilskott til konsumprisveksten knytte til transport kjem frå kjøp av bilar og vedlikehald og reparasjonar av transportmiddel. Den sterke nedgangen i bensinprisane har derimot medverka til å redusere prisauken i gruppa transport. Etter ytterlegare fall i bensinprisane i november i år har prisane falle heile 18,4 prosent sidan tilsvarande månad i fjor, noko som blant anna kjem av reduksjonar av bensinavgifta. Den kraftige auken i elektrisitetsprisane gjer at energivarene samla sett likevel trekkjer prisveksten opp med 0,1 prosentpoeng. KPI utan energivarer (KPI-JE) har auka med 1,7 prosent dei siste 12 månadene.
Prisane på hotell- og restauranttenester påverkar også auken i konsumprisane dei siste 12 månadene. Det er restauranttenestene, som har stige med 4,3 prosent, som står for det klart største tilskottet til konsumprisveksten.
Som ei følgje av momsreduksjonen frå 1. juli trekkjer prisane på matvarer og alkoholfrie drikkevarer ned 12-månadersveksten. Prisane har samla falle med 6,5 prosent dei siste 12 månadene og gir eit negativt tilskott på i underkant av 0,8 prosentpoeng til veksten i konsumprisane. Prisane på meieriprodukt, kjøtt og brød- og kornprodukt har gitt det største bidraget til nedgangen.
I tillegg til lågare prisar på mat- og drikkevarer og fallande bensinprisar, er det lågare prisar på audiovisuelt utstyr, teleutstyr og -tenester, og klede og skotøy som har medverka mest til å redusere konsumprisveksten siste 12 månader.
KPI-JA og KPI-JAE
12-månadersveksten i konsumprisindeksen justert for endringar i avgifter (KPI-JA) var 2,5 prosent i november. Endringar i avgiftene trekte samla sett 12-månadersveksten i KPI ned med 0,7 prosentpoeng i november, det same som i oktober. Dette kjem blant anna av halvert momssats på matvarer. Konsumprisindeksen justert for endringar i avgifter og utan energivarer (KPI-JAE) auka med 2,5 prosent, som er uforandra frå oktober.
Endringar i 12-månadersveksten
12-månadersveksten i KPI fall frå 2,2 prosent i oktober til 1,8 prosent i november. Den klare nedgangen kjem i all hovudsak av prisutviklinga på elektrisitet og bensin. Elektrisitetsprisane, som nemnt ovanfor, viste ein svak nedgang siste månad medan prisane steig heile 6,1 prosent i november i fjor. Bensinprisane fall kraftig i november i år, mot ein auke på 0,1 prosent på same tid i fjor. Prisane på klede og skotøy trekte i motsett retning med oppgang i år og inga endring i november i fjor.
Konsumprisindeksen. 1998=100 |
Indeks | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
November 2001 | Oktober-november 2001 | November 2000-november 2001 | Januar-november 2000-januar-november 2001 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
KPI totalindeks | 108,7 | 0,1 | 1,8 | 3,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Matvarer og alkoholfrie drikkevarer | 98,3 | - | -6,5 | -1,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Alkoholhald. drikkevarer og tobakk | 114,7 | -0,1 | 3,1 | 3,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Klede og skotøy | 96,4 | 0,7 | -1,2 | -0,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustad, lys og brensel | 116,5 | 0,3 | 6,5 | 7,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Møblar og hushaldsartiklar mv. | 102,6 | - | 0,6 | 0,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Helsepleie | 112,1 | - | 2,8 | 3,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Transport | 110,6 | -0,5 | 1,0 | 3,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Post- og telekommunikasjonar | 87,3 | 0,3 | -2,9 | -3,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kultur og fritid | 104,8 | - | 0,7 | 0,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Utdanning | 125,4 | - | 10,4 | 6,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Hotell- og restauranttenester | 113,0 | 0,1 | 4,4 | 4,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Andre varer og tenester | 112,6 | 0,2 | 4,0 | 4,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
KPI-JE | 107,5 | 0,2 | 1,7 | 2,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
KPI-JA | 0,1 | 2,5 | 3,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
KPI-JAE | 0,2 | 2,5 | 2,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42
-
Konsumprisindeksen
E-post: konsumprisindeksen@ssb.no
tlf.: 62 88 56 34
-
Camilla Rochlenge
E-post: camilla.rochlenge@ssb.no
tlf.: 40 90 23 72
-
Kjersti Nyborg Hov
E-post: kjersti.nyborg.hov@ssb.no
tlf.: 40 90 23 63
-
Gunnar Larsson
E-post: gunnar.larsson@ssb.no
tlf.: 40 90 26 79
-
Trym Kristian Økland
E-post: trym.okland@ssb.no
tlf.: 46 81 09 15