32505_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/kpi/arkiv
32505
12-månadersveksten nede i 0,4 prosent
statistikk
2002-06-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
kpi, Konsumprisindeksen, KPI, inflasjon, prisutvikling, prisvekst, KPI-JAE, indeksregulering, deflasjon, deflator, varegrupper, tjenestegrupper, priskalkulator, indeksKonsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Konsumprisindeksen15. mai 2002

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

12-månadersveksten nede i 0,4 prosent

Konsumprisindeksen (KPI) har stige med 0,4 prosent dei siste 12 månadene. Reduksjonar i avgifter samt prisutvikling på bensin og elektrisitet forklarar i hovudsak den låge prisveksten. KPI justert for endringar i avgifter og utan energivarer (KPI-JAE) var 2,6 prosent i mai.

KPI var 110,0 (1998=100) i mai samanlikna med 109,7 i april, ein auke i konsumprisane på 0,3 prosent.

12-månadersveksten: Lågaste prisvekst på nærare 40 år

Ein nedgang i prisane på matvarer og alkoholfrie drikkevarer, som i all hovudsak kjem av momsreduksjonen i juli i fjor, er framleis den mest dominerande faktoren bak den låge prisveksten.

I løpet av dei 12 siste månadene har prisane i gjennomsnitt falle med 6,8 prosent.

Etter oppgang i bensinprisane frå januar til april fall prisane i mai med 2,5 prosent. Bensinprisane har gjennomsnittleg falle med 12,4 prosent dei siste 12 månadene. Prisane på elektrisitet har i år, i motsetning til i fjor, vist eit meir normalt sesongmønster og ligg 11,2 prosent lågare enn i mai i fjor. KPI utan energivarer (KPI-JE) har stige med 1,3 prosent.

Prisane på klede har vist ein sesongmessing auke dei fire siste månadene. Likevel ligg prisane 2,4 prosent under prisnivået i mai i fjor. Totalt har prisane på importerte konsumvarer til no i år, samanlikna med same periode i fjor, falle med 1,4 prosent.

Auke i husleigene medverkar til å trekkje konsumprisane opp dei siste 12 månadene. Bukostnader for sjølveigarar (estimert husleige) og husleiger for leigebustader og bustader i partslag (betalt husleige) har stige med respektive 5,3 og 4,7 prosent.

Prisar innan tenestesektoren medverkar også til auken i 12-månadersveksten. Det er mellom anna registrert auke i forsikringspremiar og høgare prisar på hotelltenester og kulturelle tenester.

12-månadersveksten i KPI justert for endringar i avgifter (KPI-JA) var 1,8 prosent i mai. Lågare avgifter på bensin, elektrisitet, alkohol og flyreiser i tillegg til halvert moms på matvarer trekkjer dermed KPI ned med 1,4 prosentpoeng. KPI-JAE var 2,6 prosent i mai.

Konsumprisindeksen. 1998 = 100

12-månadersveksten i KPI gjekk frå 0,5 prosent i april til 0,4 prosent i mai. Nedgangen er i stor grad eit resultat av prisutviklinga på bensin og matvarer. Høgare prisar på klede i mai i år samanlikna med mai i fjor medverka til å dempe nedgangen i 12-månadersveksten. KPI-JA fall frå 2,0 prosent i april til 1,8 prosent i mai. KPI-JAE steig frå 2,4 prosent til 2,6 prosent.

Prisendring frå april til mai: Prisane opp 0,3 prosent

Prisane på klede og skotøy steig ytterlegare i mai og viste ein auke på 1,7 prosent. Prisane på klede steig mest med 1,9 prosent, medan prisane på skotøy auka noko mindre med 1,3 prosent. Prisane på klede og skotøy har framleis ikkje henta seg inn etter salet i januar, og ligg under prisnivået for desember.

Estimert og betalt husleige gjekk opp med respektive 0,6 og 0,4 prosent. Det var berre på leigemarknaden det var registrert ein oppgang.

Prisane på teletenester auka med 3,2 prosent i mai og kjem mellom anna av auka abonnementsprisar.

Prisane på matvarer og alkoholfrie drikkevarer gjekk samla sett opp med 0,3 prosent. Det var i hovudsak prisar på frukt og grønt som viste ein sesongmessig oppgang.

I motsett retning trekte prisane på energiprodukt. Bensinprisane fall med 2,5 prosent i mai. Prisnedgangen kjem etter fleire månader med prisauke og kan knytast opp mot endringar i råoljeprisane. Prisane på elektrisitet, inkludert nettleige, gjekk svakt ned med 0,8 prosent.

Konsumprisindeksen. 1998=100
  Indeks Endring i prosent
  Mai 2002 April-mai 2002 Mai 2001-mai 2002 Januar-mai 2001- januar-mai 2002
KPI totalindeks  110,0 0,3 0,4 0,7
Matvarer og alkoholfrie drikkevarer  100,8 0,3 -6,8 -6,0
Alkoholhaldige drikkevarer og tobakk  113,1 - -0,8 -0,8
Klede og skotøy 93,3 1,7 -2,0 -4,6
Bustad, lys og brensel  117,6 0,3 2,5 3,8
Møblar og hushaldsartiklar mv.  103,5 0,1 0,2 -
Helsepleie  115,6 0,2 3,7 3,2
Transport  112,9 -0,4 -0,5 0,9
Post- og telekommunikasjonar 89,9 2,7 3,3 1,4
Kultur og fritid  105,8 0,2 1,4 1,1
Utdanning  125,6 - 10,4 10,4
Hotell- og restauranttenester  115,6 0,4 4,5 4,5
Andre varer og tenester  114,7 0,2 3,0 3,1
         
KPI-JE  109,1 0,5 1,3 1,1
KPI-JA   0,3 1,8 2,2
KPI-JAE   0,5 2,6 2,4