Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Høgare bensinprisar
Konsumprisindeksen (KPI) steig med 0,1 prosent frå 15. januar til 15. februar. Høgare prisar på bensin trekte opp, medan lågare elektrisitetsprisar trekte ned. Konsumprisane har dei siste tolv månadene stige med 4,8 prosent, ned frå 5,0 prosent førre månad.
KPI var 114,6 (1998=100) i februar i år, mot 109,3 i februar i fjor. Tolvmånadersveksten i KPI justert for endringar i avgifter og utan energivarer (KPI-JAE) var 2,0 prosent i februar, opp frå 1,8 prosent i januar.
Prisendring frå januar til februar: Oppgang på 0,1 prosent
Prisane innanfor gruppa transport gjekk samla sett opp med 1,0 prosent frå januar til februar. Hovudårsaka til oppgangen var at bensinprisane steig med 4,9 prosent. Enkelte transporttenester, som for eksempel passasjertransport med T-bane og trikk, viste også ein prisauke.
Etter ein prisnedgang i januar i samanheng med sesongsal, steig prisane på møblar, klede og skotøy i februar. Prisane på møblar, innreiings- og dekorasjonsartiklar samla sett steig mest med ein auke på 3,9 prosent, medan prisane på klede og skotøy gjekk opp med respektive 0,9 og 1,9 prosent.
Prisane på matvarer steig med 1,0 prosent frå januar til februar. Størst prisauke vart registrert på friske grønsaker, enkelte meieriprodukt og nokre sukkerhaldige varer.
Prisane på sosiale omsorgstenester og helsetenester viste også ein oppgang frå førre måling. Mellom anna vart det registrert ein auke i foreldrebetalinga i barnehagar. Satsane i kommunale barnehagar steig med 1,2 prosent, medan dei private barnehagesatsane auka med 1,3 prosent. For meir informasjon om barnehagetakstane, sjå eigen artikkel: Egenbetaling i barnehager. Endringstall, januar 2003
Prisane på elektrisitet inkludert nettleige gjekk ned med 6,9 prosent frå januar til februar. Prisnedgangen vart registrert etter fleire månader med kraftige prisaukar. I motsetnad til føregåande månader, medverka prisane på elektrisitet inkludert nettleige til å dempe veksten i konsumprisane i februar.
Tolvmånadersveksten: Høg prisvekst på energivarer
Dei siste tolv månadene har KPI stige med 4,8 prosent. Det klart største tilskottet til tolvmånadersveksten kjem frå ein kraftig auke i prisane på elektrisitet inkludert nettleige. Til tross for at prisane gjekk ned med 6,9 prosent frå januar til februar, ligg elektrisitetsprisane heile 70,6 prosent høgare enn på same tid i fjor. KPI eksklusive elektrisitet har auka med 2,0 prosent sidan februar 2002.
Bensinprisane er eit anna energiprodukt som medverkar til den høge konsumprisveksten. Prisane har stige med 10,5 prosent sidan februar i fjor. KPI utan energivarer (KPI-JE) har hatt ein auke på 1,7 prosent frå februar i fjor til februar i år.
Auka prisar på ei rekkje tenester, blant anna forsikring og helsepleie, trekkjer også opp prisveksten dei siste tolv månadene. Prisane på aviser, bøker og papirvarer har også stige meir enn den gjennomsnittlege konsumprisveksten.
Prisane på klede har falle med 7,9 prosent sidan februar i fjor, og har saman med lågare prisar på audiovisuelt utstyr og flybillettar medverka til å dempe oppgangen i konsumprisane frå februar i fjor til februar i år.
KPI justert for endringar i avgifter (KPI-JA) har stige med 5,2 prosent frå februar i fjor til februar i år. Endringar i avgiftene trekkjer dermed samla sett ned tolvmånadersveksten i KPI med 0,4 prosentpoeng.
Tolvmånadersveksten i KPI gjekk frå 5,0 prosent i januar til 4,8 prosent i februar på grunn av utviklinga i prisane på elektrisitet. Samanlikna med februar i fjor då elektrisitetsprisane berre gjekk ned med 0,4 prosent, fall prisane i februar i år med 6,9 prosent.
Tolvmånadersveksten i KPI-JA fall frå 5,4 prosent i januar til 5,2 prosent i februar.
Konsumprisindeksen. 1998=100 |
Indeks | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Februar 2003 | Januar-februar 2003 | Februar 2002-februar 2003 | Januar-februar 2002 - januar-februar 2003 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
KPI totalindeks | 114,6 | 0,1 | 4,8 | 4,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Matvarer og alkoholfrie drikkevarer | 103,3 | 0,9 | 3,4 | 3,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Alkoholhaldige drikkevarer og tobakk | 114,8 | 0,3 | 1,6 | 1,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Klede og skotøy | 80,9 | 1,1 | -7,1 | -6,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustad, lys og brensel | 136,5 | -1,5 | 15,3 | 16,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Møblar og hushaldsartiklar mv. | 102,7 | 1,7 | -0,7 | -0,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Helsepleie | 119,9 | 1,2 | 4,4 | 4,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Transport | 115,2 | 1,0 | 2,6 | 2,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Post og telekommunikasjonar | 87,9 | -0,3 | 0,3 | 0,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kultur og fritid | 106,1 | -0,1 | 0,7 | 0,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Utdanning | 132,0 | - | 5,1 | 5,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Hotell- og restauranttenester | 118,4 | 0,3 | 3,1 | 3,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Andre varer og tenester | 118,4 | 0,6 | 3,9 | 3,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
KPI-JE | 109,8 | 0,4 | 1,7 | 1,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
KPI-JA | 0,1 | 5,2 | 5,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
KPI-JAE | 0,4 | 2,0 | 1,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42
-
Konsumprisindeksen
E-post: konsumprisindeksen@ssb.no
tlf.: 62 88 56 34
-
Camilla Rochlenge
E-post: camilla.rochlenge@ssb.no
tlf.: 40 90 23 72
-
Kjersti Nyborg Hov
E-post: kjersti.nyborg.hov@ssb.no
tlf.: 40 90 23 63
-
Gunnar Larsson
E-post: gunnar.larsson@ssb.no
tlf.: 40 90 26 79
-
Trym Kristian Økland
E-post: trym.okland@ssb.no
tlf.: 46 81 09 15