Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Elektrisitetsprisar styrer konsumprisvekst
Konsumprisindeksen (KPI) steig med 0,2 prosent frå 15. oktober til 15. november. Oppgangen kjem hovudsakleg av høgare prisar på elektrisitet og bensin. Prisane på elektrisitet står også for det viktigaste tilskottet til tolvmånadersveksten som i november var 1,4 prosent. Veksten i KPI utan energivarer (KPI-JE) var 0,6 prosent i same periode.
KPI var 112,6 (1998=100) i november i år, mot 111,0 i november i fjor. Veksten i KPI justert for endringar i avgifter og utan energivarer (KPI-JAE) var nede i 0,5 prosent i november, den lågaste tolvmånadersveksten som er registrert sidan den første vart publisert for august 2000.
Prisendring frå oktober til november: Prisane opp 0,2 prosent
Konsumprisane gjekk opp med 0,2 prosent frå oktober til november, i all hovudsak på grunn av prisoppgang på energivarer. Prisane på elektrisitet inkludert nettleige, gjekk samla sett opp med 7,2 prosent. Kraftprisane viste ein sesongprega oppgang, medan prisane på nettleige var uendra. Bensinprisane auka med 1,4 prosent frå førre månad. KPI utan energivarer (KPI-JE) gjekk ned med 0,3 prosent frå oktober.
Prisane på flyreiser gjekk kraftig ned frå oktober til november. Prisnedgangen på 13,3 prosent kjem av innføring av nytt priskonsept frå 26. oktober. Både normalprisbillettar og andre billettypar har gått ned i pris.
Prisane på alkoholhaldige drikkevarer gjekk ned med 4,0 prosent frå oktober til november som ei følgje av lågare ølprisar. Kraftige priskutt på enkelte ølsortar har ført til at prisane på øl har falt gjennom hausten, frå oktober til november aleine med 9,9 prosent.
Tele- og audiovisuelt utstyr viste saman med møblar, også ein prisnedgang frå oktober til november.
Tolvmånadersveksten: Elektrisitetsprisar trekkjer framleis opp
KPI har stige med 1,4 prosent dei siste tolv månadene. Elektrisitet inkludert nettleige, står framleis for det viktigaste enkelttilskottet til konsumprisveksten. Til tross for minkande prisstigningstakt sidan august i år, ligg elektrisitetsprisane høgt over prisnivået i november i fjor med 19,5 prosent. KPI utan elektrisitet har i same periode stige med 0,7 prosent. Veksten i KPI utan energivarer (KPI-JE) var nede i 0,6 prosent i november.
Estimert og betalt husleige har auka med respektive 4,0 og 3,9 prosent frå november i fjor til november i år. Matvareprisane som samla har vist ein prisauke på 3,6 prosent, medverkar også til veksten i konsumprisane. Det same gjer prisane på ei rekkje tenester. Helsetenester og forsikring har vist størst prisvekst med respektive 8,8 og 7,7 prosent.
Det viktigaste enkelttilskottet til å dempe den samla konsumprisveksten dei siste tolv månadene kjem, som i tidlegare månader, frå lågare prisar på klede. Prisane ligg 13,4 prosent under prisnivået i november i fjor.
I same periode har prisane på audiovisuelt utstyr falle med 9,0 prosent og med prisfall på flyreiser i november i år medverkar også dei til å redusere konsumprisveksten på tolvmånadersbasis.
Andre mindre tilskott kjem mellom anna frå lågare prisar på teleutstyr og alkoholhaldige drikkevarer. Prisane på alkoholhaldige drikkevarer har falle med 3,9 prosent og medverkar i november, i motsetnad til tidlegare månader i år, til å redusere den totale konsumprisveksten.
Endringar i tolvmånadersveksten: konsumprisane ned
Tolvmånadersveksten i KPI gjekk frå 1,6 prosent i oktober til 1,4 prosent i november. Fallet i tolvmånadersveksten kjem hovudsakleg av prisutviklinga på flybillettar og elektrisitet. Prisane på flyreiser fall med 13,3 prosent i november i år medan prisane på same tid i fjor berre gjekk ned marginalt. Elektrisitetsprisane inkludert nettleige, auka med 7,2 prosent i november i år mot ein prisoppgang på 10,3 prosent i november i fjor. Prisane på alkoholhaldige drikkevarer medverkar også til nedgangen i tolvmånadersveksten med ein prisnedgang på 4,0 prosent i november mot inga prisendring på same tid i fjor.
Bensinprisane derimot viste ein oppgang i november i år mot ein nedgang i november i fjor og trekkjer dermed i motsett retning.
KPI justert for endringar i avgifter (KPI-JA) gjekk frå 1,6 prosent i oktober til 1,3 prosent i november medan KPI-JAE fall frå 0,8 og ned i 0,5 prosent.
Konsumprisindeksen. 1998=100 |
Indeks | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
November 2003 |
Oktober 2003-
november 2003 |
November 2002-
november 2003 |
Januar-november 2002-
januar-november 2003 |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
KPI totalindeks | 112,6 | 0,2 | 1,4 | 2,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Matvarer og alkoholfrie drikkevarer | 105,0 | -0,1 | 3,4 | 3,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Alkoholhaldige drikkevarer og tobakk | 112,6 | -2,3 | -0,8 | 1,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Klede og skotøy | 78,6 | -0,3 | -12,2 | -10,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustad, lys og brensel | 129,7 | 1,3 | 6,1 | 9,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Møblar og hushaldsartiklar mv. | 102,2 | -0,1 | -0,9 | -0,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Helsepleie | 123,2 | -0,1 | 4,9 | 3,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Transport | 113,0 | -0,6 | 0,3 | 1,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Post og telekommunikasjonar | 84,4 | -1,4 | -5,2 | -2,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kultur og fritid | 104,7 | -0,3 | -0,9 | -0,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Utdanning | 141,1 | - | 7,3 | 5,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Hotell- og restauranttenester | 121,0 | 0,8 | 3,1 | 2,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Andre varer og tenester | 119,3 | 0,2 | 2,9 | 3,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
KPI-JE | 110,0 | -0,3 | 0,6 | 1,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
KPI-JA | 0,1 | 1,3 | 2,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
KPI-JAE | -0,2 | 0,5 | 1,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42
-
Konsumprisindeksen
E-post: konsumprisindeksen@ssb.no
tlf.: 62 88 56 34
-
Camilla Rochlenge
E-post: camilla.rochlenge@ssb.no
tlf.: 40 90 23 72
-
Kjersti Nyborg Hov
E-post: kjersti.nyborg.hov@ssb.no
tlf.: 40 90 23 63
-
Gunnar Larsson
E-post: gunnar.larsson@ssb.no
tlf.: 40 90 26 79
-
Trym Kristian Økland
E-post: trym.okland@ssb.no
tlf.: 46 81 09 15