Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Framleis pristilbod på klede og skotøy
Konsumprisindeksen (KPI) fall med 0,3 prosent frå juli til august. Prisnedgangen kjem i all hovudsak av lågare prisar på klede og skotøy. Tolvmånadersveksten i konsumprisane gjekk ned frå 1,5 prosent i juli til 1,0 prosent i august.
KPI var 113,0 (1998=100) i august 2004 samanlikna med 111,9 i august 2003 - ein oppgang i konsumprisane på 1,0 prosent. KPI justert for endringar i avgifter og utan energivarer (KPI-JAE) viste ein auke på 0,1 prosent i same periode.
KPI-fall i august
KPI gjekk ned med 0,3 prosent frå juli til august. Sommarsalet på klede og skotøy heldt fram i august og samla fall prisane med 3,6 prosent. Prisane på skotøy viste ein kraftigare nedgang enn prisane på klede. Dei to siste månadene har prisane på klede og skotøy samla falle med 7,8 prosent.
Matvareprisane gjekk i gjennomsnitt ned med 0,7 prosent i august som hovudsakleg kjem av lågare prisar på friske grønsaker og frisk frukt. Det vart mellom anna registrert kraftige prisfall på poteter, blomkål, paprika og druer.
Prisane på sosiale omsorgstenester viste ein svak nedgang på 0,2 prosent i august. Samla fall dei kommunale og private barnehagesatsane svakt sidan førre undersøking i mai - dei kommunale barnehagesatsane steig medan dei private gjekk ned. I samband med innføringa av maksimalsatsar frå 1. mai 2004 vart det i mai i år gjennomført ei ekstraordinær barnehageundersøking. Sjå òg artikkelen: Egenbetaling i barnehager. Endringstall, august 2004 , som viser utviklinga i barnehagesatsane frå januar til august i år. Prisauke på skulefritidsordninga dempa prisnedgangen på sosiale omsorgstenester. Det vart også registrert prisoppgang på tannlegetenester sidan førre måling i januar i år.
Prisauke på elektrisitet i fjor gav fall i tolvmånadersendringa i år
KPI har stige med 1,0 prosent frå august 2003 til august 2004. Det viktigaste tilskottet til tolvmånadersveksten kjem frå bensinprisane som ligg 8,3 prosent over prisnivået i august i fjor.
Tolvmånadersveksten fall frå 1,5 prosent i juli til 1,0 prosent i august. Nedgangen kjem i all hovudsak av prisutviklinga på elektrisitet. Prisane på elektrisitet gjekk svakt ned med 0,1 prosent i august i år, medan prisane på same tid i fjor viste ein oppgang på 11,9 prosent. Prisane på klede og skotøy medverka også til lågare tolvmånadersendring, med ein kraftigare prisnedgang i år samanlikna med same periode i fjor.
Prisane på sosiale omsorgstenester motverka nedgangen i tolvmånadersveksten, med ein marginal prisnedgang i august i år mot eit prisfall på 4,4 prosent i august i fjor.
Tolvmånadersendringa i KPI justert for endringar i avgifter (KPI-JA) fall frå 1,1 prosent i juli til 0,5 prosent i august medan KPI-JAE gjekk frå 0,2 prosent til 0,1 prosent i same periode.
Nye vekter i KPI
Vektene i KPI blir revidert i august kvart år på grunnlag av resultata frå den årlege forbruksundersøkinga i Statistisk sentralbyrå. For perioden august 2004 til juli 2005 er vektene basert på forbruksundersøkingane i 2001, 2002 og 2003. Sjå: Nye vekter .
Konsumprisindeksen. 1998=100 |
Indeks | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
August 2004 | Juli-august 2004 | August 2003-august 2004 | Januar-august 2003-januar-august 2004 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
KPI totalindeks | 113,0 | -0,3 | 1,0 | 0,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Matvarer og alkoholfrie drikkevarer | 106,4 | -0,7 | 1,3 | 2,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Alkoholhaldige drikkevarer og tobakk | 123,9 | 0,1 | 7,6 | 7,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Klede og skotøy | 69,3 | -3,6 | -8,1 | -8,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustad, lys og brensel | 130,0 | 0,2 | 2,4 | -0,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Møblar og hushaldsartiklar mv. | 99,7 | -0,4 | -2,2 | -1,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Helsepleie | 127,6 | 0,9 | 4,8 | 4,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Transport | 116,8 | 0,1 | 2,1 | 0,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Post og telekommunikasjonar | 81,7 | - | -4,9 | -4,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kultur og fritid | 105,5 | -0,3 | 0,7 | -0,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Utdanning | 141,1 | - | 6,9 | 6,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Hotell- og restauranttenester | 122,1 | 0,4 | 2,0 | 2,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Andre varer og tenester | 119,8 | -0,1 | 0,9 | 0,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
KPI-JE | 110,4 | -0,3 | 0,6 | 0,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
KPI-JA | -0,3 | 0,5 | -0,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
KPI-JAE | -0,3 | 0,1 | 0,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42
-
Konsumprisindeksen
E-post: konsumprisindeksen@ssb.no
tlf.: 62 88 56 34
-
Camilla Rochlenge
E-post: camilla.rochlenge@ssb.no
tlf.: 40 90 23 72
-
Kjersti Nyborg Hov
E-post: kjersti.nyborg.hov@ssb.no
tlf.: 40 90 23 63
-
Gunnar Larsson
E-post: gunnar.larsson@ssb.no
tlf.: 40 90 26 79
-
Trym Kristian Økland
E-post: trym.okland@ssb.no
tlf.: 46 81 09 15