32444_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/kpi/arkiv
32444
KPI opp 1,2 prosent siste tolv månader
statistikk
2004-12-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
kpi, Konsumprisindeksen, KPI, inflasjon, prisutvikling, prisvekst, KPI-JAE, indeksregulering, deflasjon, deflator, varegrupper, tjenestegrupper, priskalkulator, indeksKonsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Konsumprisindeksen15. november 2004

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

KPI opp 1,2 prosent siste tolv månader

Konsumprisindeksen (KPI) steig med 1,2 prosent frå november i fjor til november i år. Tolvmånadersveksten i KPI justert for avgiftsendringar og utan energivarer (KPI-JAE) var 1,0 prosent i same periode, opp frå 0,5 prosent i oktober.

Konsumprisindeksen. 1998=100

KPI var 114,0 (1998=100) i november 2004 samanlikna med 112,6 i november 2003 - ein oppgang i konsumprisane på 1,2 prosent.

Tolvmånadersendringa i KPI - JAE steig med 0 , 5 prosentpoeng

Tolvmånadersveksten i KPI-JAE steig frå 0,5 prosent i oktober til 1,0 prosent i november. Oppgangen kjem mellom anna av prisutviklinga på flyreiser, alkoholhaldige drikkevarer, samt klede og skotøy. Prisane på flyreiser og alkoholhaldige drikkevarer auka moderat i november i år, medan dei fall kraftig i november i fjor. Prisane på klede og skotøy gjekk opp i november i år, samanlikna med ein marginal prisnedgang i november i fjor.

Prisauke siste tolv månader på 1,2 prosent

KPI steig med 1,2 prosent frå november 2003 til november 2004. Med ein prisauke på 6,3 prosent siste tolv månader var bensinprisane blant dei viktigaste enkeltfaktorane bak prisveksten. I motsett retning medverka elektrisitetsprisane til å stagge veksten med eit prisfall på 6,3 prosent sidan november i fjor.

Tenester knytte til kultur og fritid og transport medverka til veksten i konsumprisane siste tolv månader. Det same gjorde prisane på tobakk og produkt til vedlikehald og reparasjon av bustad med oppgang på respektive 19,2 og 4,3 prosent sidan november i fjor. Audiovisuelt utstyr og klede og skotøy medverka derimot til å dempe veksten i KPI med prisnedgangar på respektive 5,8 og 2,7 prosent.

Inga endring i konsumprisane frå oktober til november

KPI viste i gjennomsnitt inga endring frå oktober til november. Dei viktigaste bidraga i positiv retning sidan førre månad var prisane på matvarer og klede og skotøy. Prisane på matvarer steig med 0,5 prosent frå førre månad, mellom anna som eit resultat av prisauke på grønsaker. Prisane på klede og skotøy gjekk samla opp med 0,8 prosent, der skotøy stod for den største prisoppgangen.

Bensinprisane gav det klart største bidraget til konsumprisane i negativ retning, med ein nedgang på 3,1 prosent frå oktober til november. I same retning medverka prisane på elektrisitet som gjekk ned med 0,6 prosent. Dette gav ein oppgang i KPI utan energivarer (KPI-JE) på 0,1 prosent. Prisane på audiovisuelt utstyr fall også sidan førre månad.

Konsumprisindeksen. 1998=100
  Indeks Endring i prosent
  November 2004 Oktober 2004-
november 2004
November 2003-
november 2004
Januar-november 2003-
januar-november 2004
KPI totalindeks  114,0 - 1,2 0,4
Matvarer og alkoholfrie drikkevarer  106,1 0,4 1,0 1,8
Alkoholhaldige drikkevarer og tobakk  124,4 0,3 10,5 7,8
Klede og skotøy 76,5 0,8 -2,7 -7,2
Bustad, lys og brensel  130,6 - 0,7 0,2
Møblar og hushaldsartiklar mv.  100,3 - -1,9 -1,7
Helsepleie  127,3 -0,2 3,3 4,6
Transport  116,8 -0,4 3,4 1,4
Post og telekommunikasjonar 84,0 0,4 -0,5 -4,1
Kultur og fritid  105,6 -0,1 0,9 -
Utdanning  142,3 - 0,9 5,1
Hotell- og restauranttenester  123,1 0,1 1,7 2,3
Andre varer og tenester  120,2 - 0,8 0,9
         
KPI-JE  111,5 0,1 1,4 0,7
KPI-JA   - 0,8 -0,1
KPI-JAE   0,2 1,0 0,3