32432_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/kpi/arkiv
32432
Kraftig auke i prisane på elektrisitet
statistikk
2005-06-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
kpi, Konsumprisindeksen, KPI, inflasjon, prisutvikling, prisvekst, KPI-JAE, indeksregulering, deflasjon, deflator, varegrupper, tjenestegrupper, priskalkulator, indeksKonsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Konsumprisindeksen15. mai 2005

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Kraftig auke i prisane på elektrisitet

Konsumprisindeksen (KPI) gjekk opp med 0,3 prosent frå april til mai 2005, ei endring som i hovudsak kjem frå prisauken på elektrisitet. KPI steig med 1,6 prosent dei siste tolv månadene, medan KPI justert for avgiftsendringar og utan energivarer (KPI-JAE) auka med 1,1 prosent.

Konsumprisindeksen. Prosentvis endring frå same månad året før

KPI var 115,2 (1998=100) per mai 2005 mot 113,4 på same tid i fjor, ein oppgang på 1,6 prosent. Tolvmånadersveksten i KPI-JAE var 1,1 prosent i mai, opp frå 0,8 prosent i april.

Prisauke på elektrisitet

KPI steig med 0,3 prosent frå april til mai 2005. Oppgangen kjem i all hovudsak frå prisauke på elektrisitet på 5,8 prosent. Bensinprisane trekte derimot i motsett retning. Etter prisauke sidan januar i år, fall bensinprisane med 0,6 prosent frå april til mai.

Med ein auke på 0,4 prosent medverka også matvareprisane til oppgangen i KPI frå april til mai. Det var særleg prisane på frisk frukt og nokre friske grønsaker som steig frå førre månad.

Det vart også registrert prisauke på teleutstyr sidan førre månad.

Transporttenester og bensin trekte KPI opp

KPI har stige med 1,6 prosent frå mai 2004 til mai 2005. Dei klart største bidraga til tolvmånadersveksten i mai kjem frå transporttenester og bensin med prisauke på respektive 10,1 og 5,1 prosent.

Betalt og berekna husleige har også medverka til veksten i KPI over dei siste 12 månader, med prisauke på respektive 2,4 og 2,2 prosent frå mai 2004 til mai 2005. Det same gjorde prisane på produkt til vedlikehald og reparasjon av bustad, med ein oppgang på 4,1 prosent.

Med ein prisauke på 5,9 prosent dei siste tolv månadene har også tenester knytte til kultur og fritid medverka til oppgangen i KPI.

Prisane på klede og skotøy har medverka til å dempe veksten i KPI dei siste 12 månader, med ein nedgang på 6,2 prosent i mai. Det same gjorde prisane på audiovisuelt utstyr som fall med 7,1 prosent frå mai 2004 til mai 2005.

Oppgang i tolvmånadersveksten

Tolvmånadersveksten i KPI gjekk frå 1,3 prosent i april til 1,6 prosent i mai. Oppgangen kjem i hovudsak av prisutviklinga på elektrisitet og flyreiser. Prisane på elektrisitet steig med 5,8 prosent frå april til mai i år, mot ein liten nedgang i fjor. Prisane på flyreiser auka svakt frå april til mai i år, medan dei fall kraftig frå april til mai i fjor.

Konsumprisindeksen. 1998=100
  Vekter Indeks Endring i prosent
       August 2004-
juli 2005
       Mai 2005      April 2005-
mai 2005
     Mai 2004-
mai 2005
     Januar-mai 2004 -
januar-mai 2005
KPI totalindeks 1 000,0  115,2 0,3 1,6 1,2
Matvarer og alkoholfrie drikkevarer  116,0  108,3 0,3 1,5 1,3
Alk.hald.drikkevarer og tobakk 29,4  126,5 0,1 2,3 2,8
Klede og skotøy 59,8 71,5 - -6,2 -5,6
Bustad, lys og brensel  258,0  131,9 0,8 2,0 1,0
Møblar og hushaldsartiklar mv. 71,8  100,6 0,3 -0,5 -1,1
Helsepleie 27,7  128,8 - 2,6 2,6
Transport  175,2  120,8 0,1 4,5 4,3
Post og teletenester 24,9 83,7 3,6 0,8 -2,5
Kultur og fritid  126,6  106,7 -0,1 0,8 0,9
Utdanning 3,2  142,3 - 0,9 0,9
Hotell- og restauranttenester 38,5  124,4 0,2 1,9 1,7
Andre varer og tenester 68,9  122,1 - 2,2 1,8
           
KPI-JE    112,6 0,2 1,5 1,3
KPI-JA    112,9 0,4 1,2 0,6
KPI-JAE    110,2 0,2 1,1 0,8