32426_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/kpi/arkiv
32426
Prisauke på elektrisitet
statistikk
2005-09-09T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
kpi, Konsumprisindeksen, KPI, inflasjon, prisutvikling, prisvekst, KPI-JAE, indeksregulering, deflasjon, deflator, varegrupper, tjenestegrupper, priskalkulator, indeksKonsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Konsumprisindeksen15. august 2005

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Prisauke på elektrisitet

Konsumprisindeksen (KPI) steig med 0,2 prosent frå juli til august 2005. Auken kjem mellom anna av høgare prisar på elektrisitet og klede. Frå august 2004 til august 2005 har KPI stige med 1,9 prosent, medan KPI justert for endringar i avgifter og utan energivarer (KPI-JAE) auka med 1,3 prosent.

Konsumprisindeksen. Prosentvis endring frå same månad året før. 1998=100

KPI var 115,1 (1998=100) i august 2005 samanlikna med 113,0 på same tid i fjor. Tolvmånadersveksten i KPI-JAE var 1,3 prosent i august, mot 1,1 prosent i juli.

Prisauke på elektrisitet og klede frå juli til august

KPI steig med 0,2 prosent frå juli til august. Etter nedgang i juli, auka prisane på elektrisitet med 3,2 prosent i august. Prisane på klede og skotøy gjekk opp samla med 1,3 prosent. Klede hadde ein prisauke på 2,0 prosent, medan prisane på skotøy fall ytterlegare i august med 2,5 prosent. Sjølv om prisane på klede samla viste ein prisauke, var det framleis noko tilbodsaktivitet på klede i august.

Prisane på sosiale omsorgstenester viste ein svak oppgang på 0,3 prosent i august, noko som kjem av høgare foreldrebetaling for SFO og barnehagar. Samla steig kommunale og private barnehagar med 0,3 prosent sidan førre undersøking i januar 2005. Dei private barnehagane hadde ein noko større prisauke enn dei kommunale barnehagane. Dette kjem mellom anna av at enkelte barnehagar auka satsane til maksimalsats, sjå òg artikkelen , som viser utviklinga i barnehagesatsane frå januar til august i år. Tannlegetenester blei registrerte med ein prisauke på 2,7 prosent i august. Prisane på tannlegetenester blir målt i januar og august kvart år.

Hotelltenester viste ein prisauke på 5,3 prosent i august, etter markant tilbodsaktivitet i juli.

Prisane på matvarer gjekk samla ned med 0,8 prosent i august, som hovudsakleg kjem av lågare prisar på friske grønsaker og frukt. Også prisane på enkelte alkoholfrie drikkevarer viste ein nedgang i førre månad. Frå og med august 2005 er prisane på matvarer og alkoholfrie drikkevarer utelukkande henta frå strekkodedata, sjå Endringer i konsumprisindeksen for meir informasjon .

Tilbodsaktivitet på produkt knytte til reparasjonar og vedlikehald av bustader og audiovisuelt utstyr, dempa også oppgangen i KPI frå juli til august.

Bensin og transporttenester trekte KPI opp siste tolv månader

KPI har stige med 1,9 prosent frå august 2004 til august 2005. Det viktigaste tilskotet kjem frå bensinprisane og prisane på transporttenester. Prisane på bensin var i august 8,4 prosent høgare enn nivået i august i fjor, medan transporttenester har hatt ein prisauke på 6,3 prosent dei siste tolv månadene.

Betalt og estimert husleige har stige med respektive 2,4 og 2,3 prosent i same periode.

Teneste knytt til kultur og fritid medverka til auken i KPI dei siste tolv månadene med ein prisauke på 6,4 prosent. Det same gjorde prisane på tannlegetenester og fysikalsk behandling.

Prisane på audiovisuelt utstyr, møblar, klede og skotøy trekte KPI i motsett retning dei siste tolv månadene.

Prisane på klede og elektrisitet trekte tolvmånadersveksten opp frå juli til august

Tolvmånadersveksten i KPI auka frå 1,4 prosent i juli til 1,9 prosent i august. Auken kjem i all hovudsak av utviklinga i prisane på klede og elektrisitet samanlikna med same periode i fjor. Prisane på transporttenester og produkt til vedlikehald og reparasjon av bustader trekte i motsett retning.

Tolvmånadersveksten i KPI-JAE auka frå 1,1 prosent i juli til 1,3 prosent i august, medan tolvmånadersveksten i KPI justert for endringar i avgifter (KPI-JA) gjekk frå 1,1 prosent i juli til 1,5 prosent i august.

Nye vekter i KPI

Vektene i KPI blir reviderte i august kvart år på grunnlag av resultata frå den årlege forbruksundersøkinga i Statistisk sentralbyrå. For perioden august 2005 til juli 2006 er vektene baserte på forbruksundersøkingane i 2002, 2003 og 2004. Sjå Nye vekter .

Konsumprisindeksen. 1998=100
  Vekter Indeks Endring i prosent
  August 2005-
juli 2006
August 2005 Juli 2005-
august 2005
August 2004-
august 2005
Januar-august 2004-
januar-august 2005
KPI totalindeks 1 000,0  115,1 0,2 1,9 1,3
Matvarer og alkoholfrie drikkevarer  117,4  108,4 -0,7 1,9 1,5
Alkoholhaldige drikkevarer og tobakk 29,9  126,8 0,1 2,3 2,7
Klede og skotøy 59,2 68,4 1,3 -1,3 -5,2
Bustad, lys og brensel  260,2  132,4 0,5 1,8 1,3
Møblar og hushaldsartiklar mv. 69,6 99,5 -0,1 -0,2 -0,8
Helsepleie 28,1  131,5 1,0 3,1 2,7
Transport  173,1  122,0 0,1 4,5 4,3
Post og telekommunikasjonar 27,3 82,0 -0,4 0,4 -1,4
Kultur og fritid  124,5  106,2 -0,4 0,7 0,8
Utdanning 3,2  142,3 - 0,9 0,9
Hotell- og restauranttenester 38,6  123,9 0,6 1,5 1,6
Andre varer og tenester 68,9  122,2 0,1 2,0 1,8
           
KPI-JE    112,2 - 1,6 1,4
KPI-JA    112,8 0,2 1,5 1,0
KPI-JAE    109,8 -0,1 1,3 0,9