32414_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/kpi/arkiv
32414
Kraftig auke i elektrisitetsprisane
statistikk
2006-03-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
kpi, Konsumprisindeksen, KPI, inflasjon, prisutvikling, prisvekst, KPI-JAE, indeksregulering, deflasjon, deflator, varegrupper, tjenestegrupper, priskalkulator, indeksKonsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Konsumprisindeksen15. februar 2006

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Kraftig auke i elektrisitetsprisane

Konsumprisindeksen (KPI) auka med 0,9 prosent frå januar til februar 2006, som mellom anna kjem av høgare prisar på elektrisitet. Saman med prisane på bensin medverka elektrisitetsprisane også i stor grad til tolvmånadersveksten i KPI på 2,6 prosent. KPI justert for avgiftsendringar og utan energivarer (KPI-JAE) steig med 1,0 prosent frå februar 2005 til februar 2006.

Konsumprisindeksen. Prosentvis endring frå same månad året før. 1998=100

KPI var 116,6 (1998=100, dvs. referanseåret) per februar 2006 mot 113,7 på same tid i fjor, som tilsvarar ein oppgang på 2,6 prosent. Tolvmånadersveksten i KPI steig dermed med 0,8 prosentpoeng frå januar til februar. Tolvmånadersveksten i KPI-JAE var på 1,0 prosent i februar, opp frå 0,8 prosent i januar.

KPI opp 0,9 prosent frå januar til februar

KPI steig med 0,9 prosent frå januar til februar, og biletet var generelt prega av prisauke blant dei fleste konsumgruppene. Med ein prisauke på 9,3 prosent frå januar til februar for elektrisitet, var dette den viktigaste enkeltfaktoren bak veksten i KPI.

Etter tilbodsaktivitet i januar steig prisane på møblar med 4,2 prosent i februar og medverka dermed også til oppgangen i KPI. Det same gjorde prisane på matvarer som gjekk opp med 0,6 prosent frå januar til februar. Det var særleg friske grønsaker som steig i pris.

Det vart også registrert ein auke i eigenbetalinga til heimehjelp sidan førre måling i februar i fjor.

Energiprodukt trekte KPI mest opp siste tolv månader

KPI steig med 2,6 prosent frå februar 2005 til februar 2006. Det største tilskotet til prisveksten kom frå energiprodukt, der elektrisitetsprisane auka med 24,4 prosent og bensinprisane steig med 12,4 prosent frå februar i fjor til februar i år.

Ei rekkje tenester medverka også til tolvmånadersveksten i KPI. Prisane på tenester knytte til kultur og fritid gjekk opp 5,0 prosent frå februar 2005 til februar 2006, medan helse- og transporttenester steig med respektive 8,4 og 3,5 prosent.

I motsett retning medverka audiovisuelt utstyr til å dempe veksten i KPI med eit prisfall på 8,4 prosent frå februar 2005 til februar 2006. Også barnehagesatsane trekte den generelle prisveksten ned.

Oppgang i tolvmånadersveksten

Tolvmånadersveksten i KPI gjekk opp frå 1,8 prosent i januar til 2,6 prosent i februar. Oppgangen kjem hovudsakleg av prisutviklinga på elektrisitet med ein kraftig auke i februar i år mot ein nedgang på 6,2 prosent i februar i fjor. Prisane på klede og skotøy medverka også til oppgangen i tolvmånadersveksten i KPI med ein svak prisauke i februar i år mot ein nedgang på same tid i fjor.

Tolvmånadersveksten i KPI-JAE var på 1,0 prosent i februar 2006, noko som er ein oppgang på 0,2 prosentpoeng frå januar. Tolvmånadersveksten i KPI justert for avgiftsendringar (KPI-JA) gjekk frå 1,5 prosent i januar til 2,3 prosent i februar.

Konsumprisindeksen. 1998=100
  Vekter Indeks Endring i prosent
     August 2005-
 juli 2006
   Februar 2006    Januar 2006-
februar 2006
   Februar 2005-
februar 2006
   Januar-februar 2005 -
januar-februar 2006
KPI totalindeks 1 000,0  116,6 0,9 2,6 2,1
Matvarer og alkoholfrie drikkevarer  117,4  108,8 0,6 1,0 1,2
Alk.hald.drikkevarer og tobakk 29,9  128,4 0,2 1,3 1,2
Klede og skotøy 59,2 66,9 0,6 -0,3 -1,3
Bustad, lys og brensel  260,2  137,3 1,7 5,6 4,3
Møblar og hushaldsartiklar mv. 69,6 99,0 1,7 -1,1 -0,8
Helsepleie 28,1  134,2 -0,1 4,4 4,6
Transport  173,1  123,4 0,2 4,0 4,1
Post og telekommunikasjonar 27,3 85,2 1,9 5,1 4,5
Kultur og fritid  124,5  106,5 0,5 0,1 -0,1
Utdanning 3,2  145,5 - 2,2 2,2
Hotell- og restauranttenester 38,6  127,3 0,4 2,7 2,6
Andre varer og tenester 68,9  120,2 0,3 -1,4 -1,3
           
KPI-JE    112,9 0,4 1,2 1,2
KPI-JA    113,9 0,9 2,3 1,9
KPI-JAE    110,3 0,5 1,0 0,9