Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Opp 2,3 prosent siste tolv månader
Konsumprisindeksen (KPI) auka med 2,3 prosent frå mai 2005 til mai 2006. Det kjem mellom anna av høgare prisar på energivarer. KPI viste derimot inga endring frå april til mai. KPI justert for endringar i avgifter og utan energivarer (KPI-JAE) steig med 0,7 prosent frå mai 2005 til mai 2006.
KPI var 117,9 (1998=100, dvs. referanseåret) per mai 2006 mot 115,2 på same tid i fjor, som tilsvarer ein oppgang på 2,3 prosent. Tolvmånadersveksten i KPI fall dermed med 0,4 prosentpoeng frå april til mai. Tolvmånadersveksten i KPI-JAE var på 0,7 prosent i mai, ned frå 0,8 prosent i april.
Inga endring i KPI frå april til mai
Konsumprisane viste i gjennomsnitt inga endring frå april til mai. Dei viktigaste impulsane til prisvekst frå april til mai kom frå matvarer med ein prisauke på 0,8 prosent, og det var hovudsakleg friske grønsaker og frisk frukt som medverka til prisoppgangen. Bensinprisane medverka også i retning av prisvekst med ein auke på 1,5 prosent frå førre månad. Elektrisitetsprisane medverka i motsett retning med eit fall på 2,4 prosent frå april til mai.
Energiprodukt trekte KPI mest opp siste tolv månader
KPI steig med 2,3 prosent frå mai 2005 til mai 2006. Det største tilskotet til prisveksten kom frå energiprodukt, der elektrisitetsprisane auka med 25,3 prosent og bensinprisane med 11,6 prosent frå mai i fjor til mai i år. Prisane på anna brensel har også vist kraftige prisaukar dei siste tolv månadene.
Med prisaukar på respektive 2,5 og 2,4 prosent medverka også betalt og estimert husleige til veksten i KPI dei siste tolv månadene. Det same gjorde prisane på tenester knytte til kultur og fritid og helsetenester som steig med respektive 5,6 og 8,4 prosent frå mai 2005 til mai 2006.
I motsett retning medverka audiovisuelt utstyr til å dempe veksten i KPI med eit prisfall på 8,2 prosent frå mai 2005 til mai 2006. Også barnehagesatsane trekte den generelle prisveksten ned.
Nedgang i tolvmånadersveksten
Tolvmånadersveksten i KPI gjekk ned frå 2,7 prosent i april til 2,3 prosent i mai. Nedgangen kjem hovudsakleg av prisutviklinga på elektrisitet med ein nedgang i mai i år mot ein auke i mai i fjor. Teleutstyr medverka også til nedgangen i tolvmånadersveksten i KPI med eit prisfall i mai i år mot ein kraftig oppgang på same tid i fjor.
Tolvmånadersveksten i KPI-JAE var på 0,7 prosent i mai 2006, noko som er ein nedgang på 0,1 prosentpoeng frå april. Tolvmånadersveksten i KPI justert for endringar i avgifter (KPI-JA) gjekk frå 2,6 prosent i april til 2,1 prosent i mai.
Konsumprisindeksen. 1998=100 |
Vekter | Indeks | Endring i prosent | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
August 2005-
juli 2006 |
Mai 2006 |
April 2006-
mai 2006 |
Mai 2005-
mai 2006 |
Januar-mai 2005-
januar-mai 2006 |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||
KPI totalindeks | 1 000,0 | 117,9 | - | 2,3 | 2,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Matvarer og alkoholfrie drikkevarer | 117,4 | 109,8 | 0,6 | 1,4 | 1,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Alkoholhaldige drikkevarer og tobakk | 29,9 | 128,9 | 0,3 | 1,9 | 1,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Klede og skotøy | 59,2 | 70,5 | 0,7 | -1,4 | -1,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustad, lys og brensel | 260,2 | 139,8 | -0,4 | 6,0 | 5,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Møblar og hushaldsartiklar mv. | 69,6 | 98,6 | -0,1 | -2,0 | -1,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Helsepleie | 28,1 | 133,6 | - | 3,7 | 4,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Transport | 173,1 | 125,2 | 0,4 | 3,6 | 3,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Post og telekommunikasjonar | 27,3 | 84,7 | -1,4 | 1,2 | 4,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kultur og fritid | 124,5 | 107,1 | -0,3 | 0,4 | 0,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Utdanning | 3,2 | 145,5 | - | 2,2 | 2,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Hotell- og restauranttenester | 38,6 | 127,4 | 0,1 | 2,4 | 2,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Andre varer og tenester | 68,9 | 120,5 | - | -1,3 | -1,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
KPI-JE | 113,7 | 0,1 | 1,0 | 1,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
KPI-JA | 115,3 | - | 2,1 | 2,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
KPI-JAE | 111,0 | 0,1 | 0,7 | 0,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42
-
Konsumprisindeksen
E-post: konsumprisindeksen@ssb.no
tlf.: 62 88 56 34
-
Camilla Rochlenge
E-post: camilla.rochlenge@ssb.no
tlf.: 40 90 23 72
-
Kjersti Nyborg Hov
E-post: kjersti.nyborg.hov@ssb.no
tlf.: 40 90 23 63
-
Gunnar Larsson
E-post: gunnar.larsson@ssb.no
tlf.: 40 90 26 79
-
Trym Kristian Økland
E-post: trym.okland@ssb.no
tlf.: 46 81 09 15