Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Konsumprisane ned 0,1 prosent
Konsumprisindeksen (KPI) fall med 0,1 prosent frå juli til august 2006. Nedgangen kjem mellom anna av prisnedgang på teletenester og tilbodsprisar på klede og skotøy. Frå august 2005 til august 2006 steig KPI med 1,9 prosent. Veksten i KPI justert for endringar i avgifter og utan energivarer (KPI-JAE), var på 0,4 prosent i same periode.
KPI var 117,3 (1998=100, dvs. referanseåret) per august 2006 mot 115,1 på same tid i fjor. Dette tilsvarar ein oppgang på 1,9 prosent, ein nedgang frå 2,2 prosent i juli. 12-månadersveksten i KPI-JAE var 0,4 prosent i august, ned frå 0,6 prosent i juli.
Prisfall i august
KPI gjekk ned med 0,1 prosent frå juli til august. Det var mange komponentar som medverka til nedgangen. Prisane på teletenester viste ein nedgang på 7,8 prosent. Prisane på klede og skotøy fall vidare i august med ein samla prisnedgang på 2,2 prosent der skoprisane fall meir enn klesprisane. Matvareprisane gjekk ned med 0,9 prosent, noko som hovudsakleg kjem av lågare prisar på friske grønsaker og frukt. Sal på møblar førte til ein prisnedgang på 2,2 prosent. Audiovisuelt utstyr hadde og eit prisfall frå juli til august på 1,4 prosent.
Prisane på sosiale omsorgstenester viste ein svak nedgang på 1,0 prosent i august, noko som kjem av lågare foreldrebetaling for barnehagar. Sjå eigen artikkel .
I motsett retning gjekk prisane på elektrisitet opp 7,2 prosent. Hotelltenester viste ein prisauke på 6,5 prosent i august, etter markant tilbodsaktivitet i juli. Tannlegetenester vart registrerte med ein prisauke på 2,1 prosent i august; prisane blir målt i januar og august kvart år.
Prisvekst på energiprodukt siste tolv månader
KPI steig med 1,9 prosent frå august 2005 til august 2006. Det viktigaste bidraget til tolvmånadersveksten kjem frå energivarer. Elektrisitetsprisane inkl. nettleige og avgifter ligg 25,3 prosent over prisane på same tid i fjor. Bensinprisane har vist ein vekst på 10,6 prosent. KPI utan energivarer (KPI-JE) har stige med 0,5 prosent i tilsvarande periode.
Det er registrert oppgang i prisar på ei rekkje tenester dei siste tolv månadene. Prisane på hotell- og helsetenester har gått opp med 9,8 og 5,9 prosent. Det er også registrert prisauke på tenester knytte til kultur og fritid samt transport.
Det er mellom anna prisane på klede som dempar konsumprisveksten mest dei siste tolv månadene med et gjennomsnittleg prisfall på 7,4 prosent. Prisane på audiovisuelt utstyr har gått ned 7,2 prosent. Prisane på sosiale omsorgstenester og teletenester har gått ned med høvesvis 12,4 og 7,6 prosent dei siste tolv månadene.
Tolvmånadersvekst frå juli til august
Tolvmånadersveksten i KPI gjekk ned frå 2,2 prosent i juli til 1,9 prosent i august. Nedgangen kjem mellom anna av prisutviklinga på teletenester som i august i år gjekk ned med 7,8 prosent mot inga endring i august i fjor. Prisane på klede fall med 1,6 prosent i august i år, medan dei auka med 2,0 prosent i august i fjor. Prisutviklinga på elektrisitet og teleutstyr trekte i motsett retning.
Tolvmånadersveksten i KPI-JAE var 0,4 prosent i august mot 0,6 prosent i juli. Veksten i KPI justert for endringar i avgifter (KPI-JA) var 1,6 prosent i august, ned frå 1,9 prosent i juli.
Nye vekter i KPI
Vektene i KPI blir reviderte i august kvart år på grunnlag av resultata frå den årlege forbruksundersøkinga i Statistisk sentralbyrå. For perioden august 2006 til juli 2007 er vektene baserte på forbruksundersøkingane i 2003, 2004 og 2005. Sjå Nye vekter .
Konsumprisindeksen. 1998=100 |
Vekter | Indeks | Endring i prosent | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
August 2006-
juli 2007 |
August 2006 |
Juli 2006-
august 2006 |
August 2005-
August 2006 |
Januar-august 2005 -
januar-august 2006 |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||
KPI totalindeks | 1 000,0 | 117,3 | -0,1 | 1,9 | 2,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Matvarer og alkoholfrie drikkevarer | 116,1 | 109,4 | -0,9 | 0,9 | 1,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Alk.hald.drikkevarer og tobakk | 29,9 | 129,7 | 0,2 | 2,3 | 1,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Klede og skotøy | 59,2 | 63,4 | -2,2 | -7,3 | -2,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bustad, lys og brensel | 265,0 | 140,0 | 1,2 | 5,7 | 5,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Møblar og hushaldsartiklar mv. | 66,0 | 97,5 | -0,9 | -2,0 | -1,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Helsepleie | 29,5 | 135,0 | 0,8 | 2,7 | 3,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Transport | 176,0 | 126,7 | 0,1 | 3,9 | 3,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Post og telekommunikasjonar | 27,6 | 79,8 | -4,7 | -2,7 | 2,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kultur og fritid | 124,0 | 106,8 | -0,4 | 0,6 | 0,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Utdanning | 3,2 | 145,5 | - | 2,2 | 2,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Hotell- og restauranttenester | 37,6 | 128,3 | 1,1 | 3,6 | 2,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Andre varer og tenester | 65,9 | 120,9 | -0,2 | -1,1 | -1,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
KPI-JE | 112,8 | -0,4 | 0,5 | 1,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
KPI-JA | 114,6 | -0,1 | 1,6 | 2,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
KPI-JAE | 110,2 | -0,4 | 0,4 | 0,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42
-
Konsumprisindeksen
E-post: konsumprisindeksen@ssb.no
tlf.: 62 88 56 34
-
Camilla Rochlenge
E-post: camilla.rochlenge@ssb.no
tlf.: 40 90 23 72
-
Kjersti Nyborg Hov
E-post: kjersti.nyborg.hov@ssb.no
tlf.: 40 90 23 63
-
Gunnar Larsson
E-post: gunnar.larsson@ssb.no
tlf.: 40 90 26 79
-
Trym Kristian Økland
E-post: trym.okland@ssb.no
tlf.: 46 81 09 15