32377_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/kpi/arkiv
32377
Prisnedgang på energivarer
statistikk
2007-09-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
kpi, Konsumprisindeksen, KPI, inflasjon, prisutvikling, prisvekst, KPI-JAE, indeksregulering, deflasjon, deflator, varegrupper, tjenestegrupper, priskalkulator, indeksKonsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Konsumprisindeksen15. august 2007

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Prisnedgang på energivarer

Konsumprisindeksen (KPI) fall med 0,1 prosent frå juli til august 2007. Prisnedgang på energivarer var hovudårsaka bak fallet. Dei siste tolv månadene steig KPI med 0,4 prosent, medan KPI justert for endringar i avgifter og utan energivarer (KPI-JAE) auka med 1,8 prosent.

Konsumprisindeksen. 1998=100

KPI var 117,8 (1998=100) per august 2007, mot 117,3 på den same tida i fjor. Det tilsvarar ein tolvmånadersvekst på 0,4 prosent, uendra frå juli. Tolvmånadersveksten i KPI-JAE var 1,8 prosent i august, opp 0,4 prosentpoeng frå juli.

Lågare prisar på energivarer

Det var prisfall på energivarer som hovudsakleg dreiv nedgangen på 0,1 prosent i KPI frå juli til august. Prisane på elektrisitet inkludert nettleige sank med 3,2 prosent, og det var særleg spotpris og standard variabel kraftpris som blei lågare. Frå og med august 2007 er det gjennomført endringar i kraftpriskomponenten i KPI. For meir informasjon , sjå notatet Utvidelse av kraftprisindeksen i konsumprisindeksen . Prisane på bensin auka frå februar til juli i år, medan dei fall med 1,8 prosent frå juli til august.

Flyreiser viste ein prisnedgang på 7,6 prosent. Frå og med august 2007 er det teke i bruk ny metode for å måle prisar på flyreiser i konsumprisindeksen . Sal på møblar medverka også til nedgangen i KPI.

Mange komponentar bidrog til å dempe prisfallet frå juli til august. Den viktigaste enkeltfaktoren var produkt til vedlikehald og reparasjon av bustad, som hadde ein prisauke på 1,4 prosent. Prisutviklinga på fleire tenester medverka også til å dempe nedgangen i KPI. Mellom anna steig prisane på hotelltenester med 8,8 prosent i august, etter eit kraftig prisfall i juli. Prisane på tannlegetenester viste ein auke på 2,4 prosent sidan den førre målinga i januar 2007. Prisane på sosiale omsorgstenester steig marginalt som følgje av høgare betalingssatsar for skolefridtidsordninga og private barnehagar. Sjå eigen artikkel om barnehage .

Konsumprisane opp 0,4 prosent dei siste tolv månadene

Konsumprisane auka med 0,4 prosent i perioden frå august 2006 til august i år, uendra frå førre månaden. Høgare prisar på produkt og tenester til vedlikehald av bustad samt matvarer og alkoholhaldige drikkevarer var dei viktigaste komponentane bak oppgangen. Prisane på produkt og tenester til vedlikehald av bustad auka med høvesvis 8,2 prosent og 5,5 prosent. For matvarer og alkoholhaldige drikkevarer var prisane i august 3,9 prosent høgare enn august i fjor.

Det har også blitt registrert høgare estimert husleige og betalt husleige. Andre tilskot til veksten var prisauke på 5,1 prosent for hotell og restauranttenester. Prisar på tenester knytte til kultur og fritid auka med 6,7 prosent.

Elektrisitetsprisane har falle med 31,3 prosent sidan august i fjor og var såleis den viktigaste faktoren til å dempe prisveksten. KPI utanom elektrisitet (KPI-JEL) viste ein vekst på 1,8 prosent. Prisane på elektrisitet har ikkje vore så låge sidan oktober 2002.

Klede og audiovisuelt utstyr viste også prisnedgang dei siste tolv månadene.

Tolvmånadersveksten i KPI-JAE gjekk opp frå 1,4 prosent i juli til 1,8 prosent i august, medan KPI justert for endringar i avgifter (KPI-JA) var på 0,3 prosent, uendra frå juli.

Nye vekter i KPI

Vektene i KPI blir revidert i august kvart år på grunnlag av resultata frå den årlege forbruksundersøkinga i Statistisk sentralbyrå. For perioden august 2007 til juli 2008 er vektene baserte på forbruksundersøkingane i 2004, 2005 og 2006. Sjå Nye vekter .

Konsumprisindeksen. 1998=100
  Vekter Indeks Endring i prosent
  August 2007 - juli 2008 August 2007 Juli 2007- august 2007 August 2006 - August 2007 Jan.- aug. 2006 - jan.- aug. 2007
KPI totalindeks 1 000,0  117,8 -0,1 0,4 0,6
Matvarer og alkoholfrie drikkevarer  113,8  113,7 - 3,9 2,7
Alk.hald.drikkevarer og tobakk 28,0  130,9 - 0,9 1,6
Klede og skotøy 58,4 61,2 0,3 -3,5 -5,2
Bustad, lys og brensel  280,7  136,6 -0,1 -2,4 -0,9
Møblar og hushaldsartiklar mv. 63,4 99,6 -0,6 2,2 1,6
Helsepleie 29,1  138,7 0,9 2,7 2,4
Transport  180,0  127,4 -0,5 0,6 1,5
Post og telekommunikasjonar 25,4 81,1 -1,1 1,6 -1,5
Kultur og fritid  121,9  107,9 0,1 1,0 0,9
Utdanning 3,2  148,8 - 2,3 2,3
Hotell- og restauranttenester 35,2  134,9 1,5 5,1 4,1
Andre varer og tenester 60,9  123,5 0,2 2,2 1,9
           
KPI-JE    115,1 0,1 2,0 1,5
KPI-JA    114,9 -0,1 0,3 0,4
KPI-JAE    112,2 0,1 1,8 1,4
KPI-JAE sesongjustert    112,7 0,3