32359_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/kpi/arkiv
32359
Stor prisauke på matvarer
statistikk
2008-03-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
kpi, Konsumprisindeksen, KPI, inflasjon, prisutvikling, prisvekst, KPI-JAE, indeksregulering, deflasjon, deflator, varegrupper, tjenestegrupper, priskalkulator, indeksKonsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Konsumprisindeksen15. februar 2008

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Stor prisauke på matvarer

Konsumprisindeksen (KPI) steig med 0,5 prosent frå januar til februar 2008. Dyrare mat og prisauke etter januarsal på møblar, klede og sko bidrog mest til oppgangen. Frå februar 2007 til februar 2008 gjekk KPI opp med 3,7 prosent. KPI-JAE auka med 2,2 prosent siste tolv månader.

Konsumprisindeksen. Prosentvis endring frå same månad året før

Konsumprisindeksen (KPI) var 121,9 (1998=100) per februar 2008 mot 117,5 i same månaden i fjor. Dette svarte til ein tolvmånadersvekst på 3,7 prosent, det same som førre månaden. Tolvmånadersveksten i konsumprisindeksen justert for endringar i avgifter og utan energivarer (KPI-JAE) var 2,2 prosent i februar 2008 mot 1,9 i januar.

Dyrare mat og prisoppgang etter januarsal

KPI steig med 0,5 prosent frå januar til februar. Den viktigaste faktoren var ein kraftig auke i prisane på matvarer. Frå januar til februar steig dei med 2,2 prosent, noko som er den høgaste månadlege oppgangen sidan 1982. Dei fleste matvaregruppene hadde prisvekst i februar, men det var særleg stor auke i prisane på brød og kornprodukt, pasta, mjølkeprodukt og oljar og fett, noko som tyder på at dei aukande råvareprisane internasjonalt kan merkast i Noreg òg. I tillegg til matvarer viste fleire andre daglegvareprodukt store prisaukar. Særleg produkt til reingjering og personleg pleie steig mykje.

Januar var prega av salet, medan i februar viste ei rekkje konsumgrupper prisauke. Blant anna gjekk prisane på møblar, teppe og reparasjonar samla opp med 5,1 prosent, og prisane på klede og skotøy auka med 1,7 prosent. Høgare prisar på transporttenester bidrog også til oppgangen i KPI.

Lågare prisar på elektrisitet var den viktigaste dempande faktoren på auken i KPI. I februar fall prisen på elektrisitet inkludert nettleige for fyrste gong sidan august i fjor, og var 6,1 prosent lågare enn i januar 2008.

Elektrisitet viktigast for tolvmånadersveksten

KPI steig med 3,7 prosent frå februar 2007 til februar 2008. Sjølv om elektrisitetsprisane inklusive nettleige fall i februar, var dei 27,9 prosent høgare enn i februar i fjor og det klart viktigaste tilskotet til oppgangen i KPI. Prisane på drift og vedlikehald av transportmiddel steig 9,4 prosent, og prisane på produkt og tenester til vedlikehald og reparasjon av bustad gjekk opp 6,5 prosent. Matvarer og alkoholfrie drikkevarer viste ein prisauke på 3,7 prosent, medan prisane på produkt og tenester til personleg pleie steig med 5,5 prosent.

Dei siste tolv månadene var det særleg tre grupper som bidrog til å dempe veksten i KPI. Prisane på post- og teletenester fortsette å falle, og var i februar 8,3 prosent lågare enn same månaden året før.

For audiovisuelt utstyr fall prisane med 6,6 prosent, medan prisane på klede viste ein nedgang på 3,4 prosent.

KPI utan avgifter (KPI-JA) steig med 3,8 prosent frå februar 2007 til februar 2008.

Konsumprisindeksen. 1998=100
  Vekter Indeks Endring i prosent
  August 2007-
juli 2008
Februar 2008 Januar 2008-
februar 2008
Februar 2007-
februar 2008
Januar-februar 2007-
januar-februar 2008
KPI totalindeks 1 000,0  121,9 0,5 3,7 3,7
Matvarer og alkoholfrie drikkevarer  113,8  115,5 2,2 3,7 3,2
Alkoholhaldige drikkevarer og tobakk 28,0  134,3 -0,1 2,5 2,7
Klede og skotøy 58,4 61,1 1,7 -2,6 -2,7
Bustad, lys og brensel  280,7  148,2 -1,0 7,5 7,8
Møblar og hushaldsartiklar mv. 63,4  103,0 3,1 3,0 2,6
Helsepleie 29,1  141,9 0,4 3,7 3,6
Transport  180,0  130,5 0,9 4,2 3,9
Post og telekommunikasjonar 25,4 76,5 -0,3 -8,3 -7,6
Kultur og fritid  121,9  108,5 0,5 0,8 0,7
Utdanning 3,2  150,9 - 1,4 1,4
Hotell- og restauranttenester 35,2  138,3 0,5 4,7 5,6
Andre varer og tenester 60,9  126,1 0,7 2,9 2,7
           
KPI-JE    116,8 0,9 2,1 2,0
KPI-JA    119,0 0,6 3,8 3,8
KPI-JAE    114,0 1,0 2,2 2,1
KPI-JAE sesongjustert    114,2 0,4