32350_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/kpi/arkiv
32350
Auka drivstoffprisar trekte KPI opp
statistikk
2008-06-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
kpi, Konsumprisindeksen, KPI, inflasjon, prisutvikling, prisvekst, KPI-JAE, indeksregulering, deflasjon, deflator, varegrupper, tjenestegrupper, priskalkulator, indeksKonsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Konsumprisindeksen15. mai 2008

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Auka drivstoffprisar trekte KPI opp

KPI steig med 0,1 prosent frå april til mai 2008. Det var prisauke på drivstoff som bidrog mest til denne oppgangen. Frå mai 2007 til mai 2008 gjekk KPI opp med 3,1 prosent. KPI-JAE auka med 2,3 prosent siste tolv månader.

Konsumprisindeksen. 1998=100

Konsumprisindeksen (KPI) var 122,0 (1998=100) per mai 2008 mot 118,3 i same månaden i fjor. Dette svarte til ein tolvmånadersvekst på 3,1 prosent, det same som i april. Tolvmånadersveksten i konsumprisindeksen justert for endringar i avgifter og utan energivarer (KPI-JAE) var 2,3 prosent i mai 2008 mot 2,4 prosent i april. Frå april til mai 2008 auka KPI-JAE 0,1 prosent.

Drivstoffprisar trekte månadsveksten opp

KPI steig med 0,1 prosent frå april til mai. Det var få varegrupper som viste særskilde oppgangar denne månaden, men prisane på drivstoff og smørjemiddel auka med 4,3 prosent og var såleis den klart viktigaste faktoren til å trekkje KPI opp. Det vart også registrert ein oppgang i prisane på matvarer.

I elektrisitetsmarknaden har prisane hatt klare regionale ulikheitar i mai, med låge spottprisar i Sør-Noreg og høge spottprisar i Nord-Noreg. Det gav totalt ein nedgang i prisane på elektrisitet inkludert nettleige på 4,1 prosent. Saman med ein nedgang i prisane på flybillettar på 9,1 prosent, bidrog dei mest til å halde månadsveksten nede. Andre dempande faktorar i mai var prisane på audiovisuelt utstyr og bøker, samt prisar på vedlikehald og reparasjonar av bustad, som alle fall frå april til mai.

Elektrisitet drog framleis tolvmånadersveksten opp

KPI steig med 3,1 prosent frå mai 2007 til mai 2008 og heldt dermed fram med same vekst som i april. Elektrisitetsprisane var framleis den viktigaste faktoren til å halde tolvmånadersveksten oppe. Sjølv om prisane på elektrisitet inkludert nettleige fall frå april til mai i år, viste dei ein auke på 14,1 prosent frå mai i fjor. Prisane på drivstoff og smørjemiddel, samt prisane på mat, var også viktige bidragsytarar med oppgangar på høvesvis 9,8 prosent og 4,6 prosent siste tolv månader. Blant andre grupper som heldt tolvmånadersveksten oppe var tenester knytte til kultur og fritid, hotell- og restauranttenester samt helsetenester utanom institusjon.

Dei siste tolv månadene var det særleg to varegrupper som medverka til å dempe veksten i KPI.

For audiovisuelt utstyr fall prisane med 8,4 prosent, medan prisane på klede viste ein nedgang på 3,8 prosent frå same periode i fjor.

Konsumprisindeksen. 1998=100
  Vekter.
August 2007-
juli 2008
Indeks.
Mai 2008
Endring i prosent
  April 2008-mai 2008 Mai 2007-mai 2008 Jan.-mai 2007-
jan.-mai 2008
KPI totalindeks 1 000,0  122,0 0,1 3,1 3,4
Matvarer og alkoholfrie drikkevarer  113,8  117,5 0,6 4,7 3,9
Alkoholhaldige drikkevarer og tobakk 28,0  135,0 0,1 3,2 2,8
Klede og skotøy 58,4 64,7 0,2 -3,0 -3,1
Bustad, lys og brensle  280,7  144,0 -0,6 5,1 6,5
Møblar og hushaldsartiklar mv. 63,4  103,7 0,3 3,1 2,9
Helsepleie 29,1  141,6 -0,1 3,4 3,5
Transport  180,0  131,3 0,5 2,9 3,8
Post- og teletenester 25,4 78,0 1,6 -4,9 -8,0
Kultur og fritid  121,9  109,0 -0,1 0,8 0,6
Utdanning 3,2  150,9 - 1,4 1,4
Hotell- og restauranttenester 35,2  140,0 0,4 5,2 5,2
Andre varer og tenester 60,9  127,4 0,3 3,5 3,1
           
KPI-JE    118,0 0,1 2,3 2,1
KPI-JA    119,1 0,1 3,2 3,5
KPI-JAE    115,2 0,1 2,3 2,2
KPI-JAE sesongjustert    114,8 0,1    

Se også artikkelen Prisutvikling på flyreiser i KPI i SSBmagasinet.