Kyrkjelege inndelingar
Oppdatert: 29. januar 2025
Neste oppdatering: Foreløpig ikkje fastsett
Tal | |
---|---|
Talet på bispedømme | |
I alt | 11 |
Tal på prosti, etter bispedømme | |
I alt | 92 |
Oslo bispedømme | 7 |
Borg bispedømme | 8 |
Hamar bispedømme | 9 |
Tunsberg bispedømme | 10 |
Agder og Telemark bispedømme | 9 |
Stavanger bispedømme | 9 |
Bjørgvin bispedømme | 11 |
Møre bispedømme | 5 |
Nidaros bispedømme | 8 |
Sør-Hålogaland bispedømme | 8 |
Nord-Hålogaland bispedømme | 8 |
Sjå alle tal frå denne statistikken
Om statistikken
Statistikken gir ei oversikt over mest brukte kyrkjelege inndelingar. Lange tidslinjer og førehandskunngjering av kommande regionale inndelingar er gitt.
Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 21. januar 2025.
Bispedøme
Eit bispedøme er det området ein biskop leier. Bispedømet er den største kyrkjelege eininga og består av heile prosti. Bispedøme kan avleiast frå kommunegrensa. Bispedømekode er ein tosifra numerisk kode.
Prosti
Prostiet er den største kyrkjelege administrative eininga innanfor eit bispedøme og består av eit heilt tal prestegjeld. Prostiet blir leia av ein prost. Prosten er bindeleddet mellom kyrkjestyret og prestane. Prostikode er ein numerisk kode som viser hierarkisk tilknyting, der bispedøma har dei to første posisjonane i koden, medan prostia har 4.
Prestegjeld
Eit prestegjeld var eit tenestedistrikt for ein eller fleire prestar og blei leia av ein sokneprest. Eit prestegjeld bestod av eitt eller fleire sokn. Prestegjeld blei gradvis avvikla frå 2004. Prestegjeldkode er ein numerisk kode som viser hierarkisk tilknyting, der bispedøma har dei to første posisjonane i koden, prostia har 4, og prestegjelda hadde 6.
Sokn
Kyrkjesokn er det lågaste administrative nivået i kyrkjelege inndelingar, der folk skal kunne høyre til den same kyrkja (soknekyrkje), og der det skal vere eit eige sokneråd i følgje Kyrkjeordning for Den norske kyrkja. Soknekode er ein numerisk kode som viser hierarkisk tilknyting, der bispedøma har dei to første posisjonane i koden, prostia har 4, prestegjelda hadde 6, og sokna har 8.
Standard for prestegjeld (under arbeid)
Standard for sokn (under arbeid)
Kyrkjelege inndelingar
Seksjon for befolkningsstatistikk.
Statistikk blir presentert på nasjonalt nivå, per bispedøme og prosti (per prestegjeld og sokn etter kvart).
Statistikk blir publisert årleg, så snart kyrkjelege inndelingar er bestemde.
ikkje relevant
SSB lagrar innsamla og reviderte data på ein sikker måte, i tråd med gjeldande lovverk for databehandling.
Datagrunnlaga er tilgjengeleg i klassifikasjonssystem KLASS. Kvart geografisk nivå i kvar sin standard. For lenkjar sjå "Standard klassifikasjonar" ovanfor.
Talet på og avgrensing av kyrkjelege inndelingar er grunnleggjande i mange delar av planlegging og analyse av samfunnstrekk og fenomen. Dette har ein lang tradisjon tilbake til dei tidlegaste folketeljingane, kyrkjebøker og skattebøker. I SSB har dette særleg teke form som publikasjonar knytt til dei historiske folketeljingane og i spesialutgåver av publikasjonsserien Norsk Offisiell Statistikk (NOS).
Hovudbrukarar er planleggjarar, forskarar innan geografi og historie, programmerarar som bruker geodata eller data med ein georeferansekomponent.
Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i statistikkalenderen. Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.
Den norske kirke
Sokna i Den norske kyrkja leverer inn Årsstatistikk for Den norske kyrkja, som er grunnlag for statistikken om Den norske kyrkja. Vidare blir bispedømme brukte som regional inndeling i noko av statistikken.
Statistikken blir utvikla, utarbeidd og formidla med heimel i lov av 21. juni 2019 nr. 32 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå (statistikkloven, lovdata.no)
Populasjonen er bisepedømmer, prosti, prestegjeld og sokn i Noreg.
Folketeljingar, Norsk offisiell statistikkserie, Statistisk årbok, soknekatalogen og Statistikkbanken for tabellar. Papirkart, digitale kart og algoritmar ved bruk av geografiske informasjonssystem for geodata. Både tabellar og kart dekkjer heile fastlands-Noreg.
Data er samla inn frå Statistisk sentralbyrås API for klassifikasjonar og kodelister. Hovuddatainnsamling er GeoNorge for kartdata. Innsamling blir gjord ein gong i året. Berekninga blir gjord basert på talet på unike regionale kode-ID-ar.
Med editering meiner vi kontroll, gransking og endring av data.
Statistikken er samanliknbar over tid og rom. Nøyaktigheita av geografiske avgrensingar varierer likevel over tid. Eldste avgrensingar har lågare geografisk nøyaktigheit.
Full dekning.
Generelt har dei nyare versjonane av regionale inndelingar svært høg grad av målingskvalitet og få behandlingsfeil.
I svært få tilfelle kan det vera avvik i klassifiseringa av enkelte regionale einingar.