13640_not-searchable
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/soshjelpp/aar
13640
Meir fagpersonell i sosialtenesta
statistikk
2000-12-12T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet
no
soshjelpp, Personell i sosialtenesta (opphørt), sosialtenesta, sosionomar, vernepleiarar, barnevernspedagogar, kontortilsetteTrygd og stønad, Sosiale forhold og kriminalitet
false

Personell i sosialtenesta (opphørt)1999

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Meir fagpersonell i sosialtenesta

Nær halvparten av dei som jobba i sosialtenesta ved utgangen av fjoråret var fagpersonell. I 48 prosent av stillingane var det anten sosionomar eller barnevernspedagogar. Talet på personar med fagutdanning auka med 79 årsverk frå 1998 til 1999. Dette er ein vekst på 4 prosent frå året før.

Ved utgangen av 1999 blei det registrert 4 494 heile stillingar i sosialtenesta. Dette var ein auke på 134 stillingar frå 1998. Ser ein på talet på tilsette i forhold til folketalet, gjekk gjennomsnittet for landet opp frå 1,2 stillingar per 1 000 vaksne innbyggjarar (18 år og over) i 1998, til 1,3 i 1999.

Fleire sosionomar og barnevernspedagogar

I alt blei det ved utgangen av året i fjor registrert 52 fleire årsverk blant sosionomar i sosialtenesta enn året før, frå 1 836 i 1998 til 1 888 i 1999. Delen tilsette med utdanning som sosionom i 1999 var 44 prosent, det same som året før. I 1992 var det tilsvarande talet 34 prosent, så delen med sosionomutdanning i sosialtenesta har auka jamt utover 1990-talet.

Samtidig med auken av sosionomar i sosialtenesta, blei det registrert 27 fleire barnevernspedagogar ved utgangen av året i forhold til året før. I 1999 var det 177 barnevernspedagogar i sosialtenesta, totalt auka derfor talet på fagpersonell (sosionomar og barnevernspedagogar) med 79 frå 1998 til 1999.

Færre med kontorutdanning

Talet på tilsette med anna utdanning frå høgskole eller universitet gjekk òg opp, det blei registrert 36 fleire med slik utdanning i 1999. Blant tilsette med kontorutdanning eller merkantil utdanning har det derimot vore ein nedgang, totalt var det ein reduksjon på 15 årsverk av denne typen i fjor. Det var ein nedgang på 27 tilsette med anna utdanning eller som var ufaglærte i fjor i forhold til året før.

Talet på ledige stillingar i sosialtenesta har auka dei siste åra. I 1999 var det 154 ledige stillingar mot 147 i 1998 og 118 i 1997. Omfanget av engasjementstillingar auka i fjor med 28 årsverk, til 157 årsverk i 1999 mot 129 året før.

 Årsverk i sosialtenesta per 1 000 innbyggjarar 18 år og over, etter fylke

Store skilnader mellom fylka

Det er framleis store skilnader mellom fylka når det gjeld graden av tilsette i sosialtenesta. Best dekning har Oslo med 2,1 årsverk per 1 000 vaksne innbyggjarar. Det er eit stort sprang til dei neste fylka, som er Finnmark med 1,5 og Østfold med 1,4 tilsette på tilsvarande folketal. Telemark og Møre og Romsdal har lågast bemanning med 0,9 årsverk per 1 000 vaksne innbyggjarar.

Tabeller: