13636_not-searchable
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/soshjelpp/aar
13636
Halvparten fagfolk i sosialtenesta
statistikk
2001-09-19T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet
no
soshjelpp, Personell i sosialtenesta (opphørt), sosialtenesta, sosionomar, vernepleiarar, barnevernspedagogar, kontortilsetteTrygd og stønad, Sosiale forhold og kriminalitet
false

Personell i sosialtenesta (opphørt)2000

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Halvparten fagfolk i sosialtenesta

Nær halvparten av dei som arbeidde i sosialtenesta ved utgangen av 2000 var fagpersonell. Heile 48 prosent av stillingane var tilsette av sosionomar, barnevernspedagogar eller vernepleiarar.

Ved utgangen av 2000 vart det registrert 4 867 heile stillingar i sosialtenesta. Dette er ein auke på 373 stillingar frå 1999. Ser ein på talet på tilsette i forhold til folketalet (18 år og over), gjekk gjennomsnittet for landet opp frå 1,3 stillingar per 1 000 vaksne innbyggjarar i 1999, til 1,4 i 2000.

Fleire sosionomar og barnevernspedagogar

I alt blei det ved utgangen av 2000 registrert 92 fleire årsverk blant sosionomane i sosialtenesta enn året før, frå 1 888 sosionomar i 1999 til 1 980 sosionomar i 2000. I 2000 utgjer sosionomane 39 prosent av dei tilsette i sosialtenesta og vi kan derfor for første gang sida 1992 registrere ein nedgang i talet på sosionomar i sosialtenesta. Nedgangen frå 1999 er på 5 prosent.

I tillegg til auken i talet på sosionomar i sosialtenesta, blei det også registrert 61 fleire årsverk blant barnevernspedagogane ved utgangen av året i forhold til året før. Talet på fagpersonar i sosialteneste (sosionomar, barnevernspedagogar og vernepleiarar) er i år på 2 345, noko som indikerer ein auke frå det føregåande året.

 Årsverk i sosialtenesta per 1 000 innbyggjarar 18 år og over. Fylke

Færre med kontorutdanning

Talet på tilsette med anna utdanning frå høgskole eller universitet gjekk ned i forhold til året før, dette skyldes i stor grad at ein i år har skilt vernepleiarane ut som eiga gruppe. Blant tilsette med kontorutdanning eller merkantil utdanning kan ein òg registrere ein nedgang frå 1999 med 77 årsverk. For gruppa tilsette med anna utdanning, eller som var ufaglærte, kan ein registrere ein auke på heile 227 stillingar i forhold til 1999.

Talet på ledige stillingar i sosialtenesta har auka dei siste åra. I 2000 var det 186 ledige stillingar mot 154 i 1999 og 147 i 1998.

Store skilnader mellom fylka

For 2000 viser det seg framleis å være store skilnader mellom fylka når det gjeld grad av tilsette i sosialtenesta. Som tidlegare er det Oslo som har best dekning i forhold til folketalet (18 år og over) med 2,1 årsverk per 1 000 vaksne innbyggjarar. Vest-Agder ligg like bak med 1,9 årsverk per 1 000 vaksne innbyggjarar. Frå desse kommunane er det langt ned til kommunane Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane som har lågast bemanning med 1,1 årsverk per 1 000 vaksne innbyggjarar.

Tabeller: