Generativ KI er ein type KI som har evna til å lage nytt innhald på eiga hand, til dømes tekst og bilete.

36 prosent av alle mellom 16 og 79 år har brukt generativ kunstig intelligens (KI) i år, men bruken varierer mykje med kjønn og alder.

Det er verdt å merke seg at menn er større brukarar av generativ KI enn kvinner i alle aldersgrupper, bortsett frå i den yngste gruppa på 16–24 år. I denne yngste aldersgruppa bruker 68 prosent av jentene denne teknologien, mot 62 prosent av gutane.

Det er framleis 64 prosent av befolkninga som ikkje bruker generativ KI. 72 prosent av dei som ikkje bruker KI, seier at dei ikkje har hatt behov for det. Vidare viser tala for dei som ikkje har brukt generativ KI at

  • 1 av 10 at dei ikkje veit korleis teknologien skal brukast
  • 7 prosent at dei var bekymra for personvern og tryggleik ved bruk av KI
  • 6 prosent at dei ikkje visste at slike verktøy fanst

Svara gjeld for bruk av KI dei tre siste månadene før intervjua fann sted i 2. kvartal 2024.

Vil du vite meir om bruken av KI? Les artikkelen 7 av 10 unge bruker KI.

Prosentandeler som bruker gererativ KI i ulike aldersgruppar. Sjå meir i tekstbeskrivinga.

Biletet viser andel i prosent for bruk av generativ KI i ulike aldersgrupper i befolkninga frå 16 til 79 år. Tala er: 16–24 år: 65 prosent, 25–34 år: 53 prosent, 35–44 år: 37 prosent, 45–54 år: 35 prosent, 55–64 år: 23 prosent, 65–74 år: 9 prosent og 75­–79 år: 10 prosent.