Det finst også ein bokmålsversjon av undervisningsopplegget.

I undervisningsopplegget får elevane kunnskap om:

  • statistikk om kronekursen
  • kva som påverkar valutakursane, med søkelys på kronekursen
  • konsekvensar av endringar i kronekursen

Elevane får øving i å jobbe med statistikk om emna gjennom oppgåveløysing. De kan velje å bruke berre nokre av delane til undervisningsopplegget. De vurderer sjølv når de ber elevane om å løyse oppgåver åleine, i par, i grupper og i heil klasse. Fasit til oppgåvene finn de på slutten av kvar oppgåve.

Dette undervisningsopplegget er laga med bakgrunn i og gjenbruk av artikkelen Hva påvirker kronekursen? av Maria Lekve og Julia Skretting, SSB.

Dersom de har innspel om kva vi kan forbetre i dette undervisningsopplegget, eller har andre tema de gjerne ser at SSB lagar opplegg om, så skriv til oss på  skole@skole.no

  • kjenne til og bruke statistikk om kronekursen
  • lære om kva som påverkar valutakursane, med søkelys på kronekursen
  • kjenne til konsekvensar av endringar i kronekursen

Opplegget er laga for elevar som tek Samfunnsøkonomi 1 og Samfunnskunnskap fellesfag. Undervisningsopplegget tek utgangspunkt i desse kompetansemåla i læreplan Samfunnsøkonomi (SOK01-03) (udir.no) og Samfunnskunnskap (SAK 01-01) (udir.no)

  • velje og bruke kjelder, økonomiske teoriar og modellar i arbeid med faglege spørsmål, emne og problemstillingar
  • analysere kva som påverkar valutakursane, og drøfte konsekvensar av endringar i valutakursen
  • utforske og presentere dagsaktuelle tema eller debattar ved å bruke samfunnsfaglege metodar, kjelder og digitale ressursar, og argumentere for eigne og andres meiningar og verdiar

Meld deg på nyheitsbrev og få tips om relevant innhald på ssb.no.