Norske dotterselskap i utlandet
Oppdatert: 20. februar 2024
Neste oppdatering: 12. desember 2024
2022 | |||||
---|---|---|---|---|---|
Føretak | Omsetning (mill. kr) | Sysselsette | Lønnskostnader (mill. kr) | Brutto investeringar (mill. kr) | |
Alle land | 4 443 | 1 968 835 | 270 161 | 164 751 | 187 616 |
Europa | 3 263 | 1 048 987 | 179 783 | 109 638 | 131 580 |
Afrika | 119 | 51 046 | 2 887 | 1 105 | 426 |
Asia | 486 | 184 920 | 33 644 | 13 286 | 5 033 |
Nord-, Sentral-Amerika og Karibia | 373 | 505 860 | 28 992 | 27 688 | 26 990 |
Sør-Amerika | 128 | 156 880 | 22 370 | 10 573 | 22 171 |
Oseania | 74 | 21 142 | 2 485 | 2 462 | 1 416 |
Om statistikken
Statistikken gjev ei oversikt over norsk næringsliv i utlandet. Dette gjeld norske dotterselskap i utlandet som er kontrollerte frå Noreg og har Noreg som ultimate eigarland. I statistikken finn du tal for føretak, sysselsette, omsetning, lønnskostnadar og bruttoinvesteringar, fordelt etter næring og land.
Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 4. november 2024.
Norske dotterselskap i utlandet
Eit norsk dotterselskap i utlandet er eit føretak i utlandet som er kontrollert frå Noreg, ved at eit føretak eller ein annan økonomisk eining i Noreg eig over 50 prosent av det.
Føretak
Etter Standard for næringsgruppering (SN2007) er eit føretak definert som den minste kombinasjonen av juridiske einingar som produserer varer eller tenester, og som til ein viss grad har sjølvstendig avgjerdsmyndigheit. I statistikken vert ein juridisk eining behandla som eit føretak. Eksemplar på juridiske einingar er aksjeføretak, ansvarleg føretak og enkeltpersonføretak. Berre aktive føretak, med omsetning og/eller sysselsette og/eller lønnskostnadar og/eller bruttoinvesteringar, er med i populasjonen.
Sysselsette
Med sysselsette meiner ein summen av eigarar og lønnstakarar som arbeider i føretaket. Personar med meir enn eitt arbeidsforhold kan verte telte med som sysselsette i fleire næringar. Sysselsettingstala viser eit gjennomsnitt av talet på sysselsette i løpet av året.
Omsetning
Omsetning er definert som føretaket sine driftsinntekter fråtrekt offentlege tilskot og gevinst ved sal av anleggsmidlar. Skattar og avgifter er inkluderte, meirverdiavgift er ikkje inkludert.
For selskap innan finansnæring som driv med «Holdning selskap» og «Verdipapirfond, investeringsselskap o.l.», så vil totale driftskostnader gjelda dersom omsetning ikkje er tilgjengeleg i årsmeldinga/rekneskapsføringa.
Lønnskostnadar
Lønnskostnadar omfattar lønn, feriepengar, honorara og liknande, arbeidsgivaravgift til folketrygda, innberetningspliktige pensjonskostnader og andre personalkostnadar. Lønnskostnadar omfattar ikkje godtgjersles til eigar av enkeltpersonføretak eller ansvarlege selskap og til familiemedlemmar utan fast lønn.
Bruttoinvesteringar
Bruttoinvesteringar omfattar anskaffingar av fast realkapital som tomter, bygningar og anlegg (unntatt bustad), maskiner, verktøy, reiskap, inventar og transportmidlar (unntatt til privat bruk), både nye og brukte. Påkostnadar er inkludert i bruttoinvesteringar.
Ultimate eigerland
Ultimate eigarland er landet der det "siste" føretaket eller personen i eigarkjeda ligg eller er busett. Det vil seie føretak som ikkje er kontrollerte av eit anna føretak, eller siste person i eigarkjeda.
Utgåande FATS
Statistikken er internasjonalt kjend som Outward Foreign Affiliates Statistics (OFATS). Den vert i kortform også kalla "utgåande FATS".
Næringsgrupperinga er i samsvar med norsk Standard for næringsgruppering (SN2007), som byggjer på EUs næringsstandard NACE rev. 2 og FNs næringsstandard ISIC Rev. 3.
Namn: Norske dotterselskap i utlandet
Emne: Utenriksøkonomi
Seksjon for finansregnskap
Nasjonalt nivå. Utlandet er landfordelt.
Statistikken vert publisert årleg, innan 20 månader etter referanseåret.
Rapportering til EUs statistiske kontor Eurostat.
SSB lagrar innsamla og reviderte data på ein sikker måte, i tråd med gjeldande lovverk for databehandling.
SSB kan gje tilgang til datagrunnlaget (avidentifiserte eller anonymiserte mikrodata) som statistikken byggjer på, til forskarar og til offentlege myndigheiter som skal utarbeide statistiske resultat og analysar. Tilgang kan bli gjeven etter søknad og på vilkår. Sjå meir om dette på Tilgang til data frå SSB.
Føremålet er å gje ei oversikt over norske dotterselskap sin økonomiske aktivitet i utlandet.
I Noreg blei tal for norske dotterselskap sin aktivitet i utlandet samla inn for første gang i 2008 med tal for omsetning, sysselsetting og føretak. Frå referanse år 2021 ble det også publisert tal for lønnskostnadar og bruttoinvesteringar.
Tal frå statistikken vert nytta til mellom anna måling av graden av globalisering, internasjonale handelsforhandlingar og økonomisk forsking.
Brukarar av statistikken er myndigheiter, næringslivet, ambassadar, utdannings- og forskingsinstitusjonar med fleire. Dessutan vert data rapportert til Eurostat og OECD, i tråd med pliktar i høve til EØS-avtalen og andre internasjonale avtaler.
Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i statistikkalenderen. Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.
Statistikk som ligg innanfor same område som statistikken Norske dotterselskap i utlandet, er statistikken Direkteinvesteringer. Denne statistikken gjev informasjon om norske direkteinvesteringar i utlandet og syner fordringar overfor utlandet i form av norskeigd kapital knytt til direkteinvesteringar.
Direkteinvesteringer seier lite om korleis norske eigarinteresser i utlandet påverkar økonomien i dei landa ein har investert i. Statistikken over norske dotterselskap i utlandet gjer oss i større grad i stand til å beskrive denne påverknaden.
Statistikken over utanlandske dotterselskap i Noreg viser tilsvarande forhold der utlendingar kontrollerer norske føretak. Statistikken byggjer på tilsvarande internasjonale krav som statistikken over norske dotterselskap i utlandet.
Statistikken blir utvikla, utarbeidd og formidla med heimel i lov av 21. juni 2019 nr. 32 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå (statistikkloven, lovdata.no).
Statistikken inngår i nasjonalt program for offisiell statistikk 2021-2023, hovudområde Utenriksøkonomi, delområde Økonomisk globalisering.
Europaparlaments- og rådsforordning (EØF) 2019/2152 av 27. november 2019 om Europeisk næringsstatistikk (EBS forordninga). I tillegg er Kommisjonens gjennomføringsforordning (EU) 2020/1197 av 30. juli 2020 som fastsetter tekniske spesifikasjoner og ordninger i henhold til EBS-forordningen.
Statistikken vert utarbeida i tråd med anbefalingar frå Eurostat, nedfelt i "Recommendations manual on the Production of Foreign Affiliates Statistics". I 2023 kom det nye retningslinjer i tråd med EBS forordninga gjeldane frå og med referanseår 2021.
Statistikken dekkjer norske dotterselskap i utlandet, det vil seie dotterselskap som vert kontrollerte anten direkte eller indirekte av eit føretak i Noreg. Sjå punkt under overskrifta Definisjonar for nærmare definisjon av norske dotterselskap. Berre aktive føretak, med omsetning, sysselsette, lønnskostnader eller bruttoinvesteringar, er med i populasjonen. Statistikken omfattar i prinsippet alle norske institusjonelle sektorar, men ikkje-finansielle føretak er i denne samanhengen den viktigaste sektoren.
Statistikken byggjer på SSB si eiga datainnsamling (utvalundersøkinga «Investeringer i utlandet») som hentar inn rekneskapsinformasjon om omsetning, bruttoinvesteringar, lønnskostnadar og sysselsette i utanlandske føretak eigde frå Noreg. I tillegg kjem informasjon frå årsrekneskap sende inn til Brønnøysundregistra, og frå media. Dette nyttar vi til å kartleggje endringar i investeringar i utlandet og kva som er ultimate eigarland for føretaka. Utvalet dekkjer dei største føretaka (Cut-off utval). Storleiken på utvalet har auka sidan det første året det vart samla inn tal for (2008). Dei aller største føretaka har vore med heile tida. |
Datainnsamling Statistikk over norske dotterselskap sin aktivitet i utlandet byggjer på SSB si innsamling av opplysningar om investeringar i utlandet. Statistikkgrunnlaget vert samla inn saman med informasjon til statistikken Direkteinvesteringer. Redigering Med redigering meiner vi kontroll, gransking og endring av data. Dei innsamla dataa vert i stor grad kontrollerte mot fjorårstal og informasjon frå årsrekneskapane sende inn til Rekneskapsregisteret i Brønnøysund. For dei føretaka som er med i undersøkinga, gjer vi ein kontroll av eigarskapet gjennom å nytte informasjon frå rekneskapar og føretaka sine heimesider og liknande om dei ultimate eigarlanda til føretaka. Berre dei som har Noreg som ultimate eigarland, det vil seie norske dotterselskap, er med i denne statistikken. Næringsplassering blir rapportert frå det norske selskapet som eig dei utanlandske selskapa. Dersom ikkje næring blir oppgjeven i undersøkinga så bruker vi næringa til det norske selskapet om informasjonen ikkje ligg i den administrativ kjelde (EuroGroupRegister) som gjev næringsplassering for multinasjonale selskap. Berekningar Vi har ikkje etablert metodar for oppblåsing til populasjonsnivå for tal på føretak, omsetning, sysselsette, lønnskostnadar og bruttoinvesteringar i utlandet. |
Ikkje relevant
Tilsette i SSB har teieplikt.
SSB offentleggjer ikkje tal dersom det er fare for at bidrag frå oppgåvegivar kan bli avslørte. Dette fører til at tal som hovudregel ikkje blir publiserte dersom færre enn tre einingar ligg til grunn for ei celle i tabellen, eller dersom bidrag frå ein eller to oppgåvegivarar utgjer ein svært stor del av celletotalen.
SSB kan gjere unntak frå hovudregelen dersom det følgjer av krav til statistikk i EØS-avtalen, oppgåvegivar er offentleg myndigheit, oppgåvegivar har samtykt, eller når opplysningane som blir avslørte er ope tilgjengeleg i samfunnet.
For å sikre konfidensialitet blir metoden «undertrykking» nytta i denne statistikken.
Meir informasjon finn du i avsnittet ‘Konfidensialitet’ på SSBs side om metodar i offisiell statistikk.
Utvalet av føretak i statistikken har vorte større sidan starten i 2008, og dette kan påverke samanlikning av resultata over tid, særleg for nivåtal. Statistikkpopulasjonen kan variere noko frå år til år på grunn av eigarskap der statistikken berre omfattar norskeigde føretak, ultimat eigde frå Noreg.
For referanse år 2021 ble det publisert to nye variablar som også påverke moglegheita for samanlikning over tid.
Kvaliteten på statistikken vert påverka av registreringsgrunnlaget for utvalet og kvaliteten på dataa som vert innrapporterte. Dei vanlegast feilkjeldene er:
- at oppgåvegjevaren brukar feilaktig skala, til dømes kroner i staden for tusen kroner
- at oppgåvegjevaren gjer feil vurdering av kva SSB krev av tal
- at SSBs skjema og rapporteringsprosedyre ikkje er bra nok
- at SSBs sin behandling av data i samband med innregistrering kan føre til feil
Statistikk over aktiviteten til norske dotterselskap i utlandet byggjer på SSBs eiga innsamling. Vi både purrar og gjev tvangsmulkt etter dei reglane som gjeld i statistikklova. Det kan hende at nokre einingar lar vere å overhalde rapporteringsplikta, men alle viktige einingar er med i statistikken.
Det finst nokon svakheiter med omsyn til populasjonsoppdatering og utvalstrekking. For å sikre høg grad av relevans til lågast mogleg kostnad, legg vi stor vekt på å dekkje store einingar i populasjonen målt ved storleiken på variablane som skal rapporterast.
Utvalstrekkinga føreset i utgangspunktet at sjølve populasjonen omfattar dei aller fleste einingane som har økonomiske fordringar og gjeld mot utlandet. Vi har så langt inga samla oversikt over føretak som har slike mellomværande, og i praksis vil det difor vere vanskeleg å fange opp alle relevante einingar ved utgangen av den einskilde rapporteringsperioden.
Vanlegvis blir fjorårets tal reviderte ved publisering. Revisjon i SSB