- Totalt var det 4 373 norske dotterselskap i utlandet i utvalundersøkinga «Investeringar i utlandet».
- Omsetninga har auka med 2 prosent frå 2022, som understrekar fortsett vekst og styrking av norsk næringsliv internasjonalt.
- Talet på sysselsette i dei norske dotterselskapa har ein auke på 3 prosent frå 2022. Samla lønnskostnadar for dei tilsette utgjorde 195 milliardar kroner, som er en markant auke på 18 prosent frå 2022. Dette reflekterer ei sterk utvikling både for selskapa og arbeidskrafta deira.
- Dei norske dotterselskapa brukte 248 milliardar kroner på brutto investeringar i fast realkapital i løpet av året. Dette inkluderer investeringar i bygningar, maskiner og anna utstyr, og reflekterer selskapa sine langsiktige forpliktingar til å bygge opp sin kapasitet i utlandet.
Flest dotterselskap i Norden og Europa
I figur 1 kan ein sjå prosentdelen av norske dotterselskap i dei 15 landa med flest dotterselskap. Aller flest finn ein i Sverige og Danmark, deretter følger Storbritannia og USA.
I 2023 har norske selskap 851 dotterselskap i Sverige, som utgjer 19 prosent av alle norske dotterselskap i verda. Deretter følger Danmark med 332 selskap, Storbritannia med 275 og USA med 267. Til saman i EU er det 2 781 dotterselskap, som tilsvara 63 prosent av alle norske dotterselskap. Figuren viser at talet på norske dotterselskap har halde seg stabilt i dei fleste land, medan det i Sverige har gått ned med 3 prosentpoeng sidan 2021.
Frå 2022 til 2023 har omsetninga til dotterselskapa i USA auka med 7,5 prosent frå 455 milliardar kroner til 489 milliardar kroner, medan endringa har vore mindre i EU med ein auke på rett under 1 prosent frå 860 til 867 milliardar kroner. Norske dotterselskap i Asia viser stor framgang, med ein omsetningsvekst på 16 prosent, driven av sektorane industri, varehandel og transport og lagring. Også i Sverige finn ein store endringar, der dotterselskapa hadde ein omsetningsvekst på 15 prosent i 2023, tilsvarande 36 milliardar kroner.
Industri som den viktigaste næringa
Figur 2 viser utviklinga i dei seks største næringane etter omsetning, frå 2020 til 2023. Dei tre viktigaste næringane for norske dotterselskap er industri, utvinning av olje og naturgass inkludert tilknytte tenester (bergverksdrift og utvinning) og varehandel (inkludert reperasjon av motorvogner), og desse har vært topp tre dei siste åra.
I Nord- og Sør-Amerika og Afrika er det utvinning av olje og naturgassnæringa som er viktigast, mens industrien er viktigast i Asia og Oseania. Europa skil seg her ut ved at vi finn at varehandel har den største delen av norske dotterselskap. Dei tre største næringane i både EU og Sverige er varehandel, informasjon og kommunikasjon, og industri. I USA er det utvinning av olje og naturgass inkludert tilknytte tenester, industri og fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting som dominerer.
Tal for årgangen 2022 er revidert i denne publiseringa. De følgande variablane er revidert for 2022 med: I februar 2024 ble det publisert følgande tal for 2022: 4443 føretak med 1 968 835 millionar kroner i omsetning, 270 161 sysselsette, 164 751 millionar kroner i lønnskostnadar og 187 616 millionar kroner i brutto investeringar.