Artiklar om norske dotterselskap i utlandet
Artiklar, analysar og publikasjonar
2024
Store tal i industri, olje og naturgass og varehandel i utlandet Artikkel 12. desember
Aktiviteten til norske dotterselskap i utlandet har jamn vekst. I 2023 nådde den totale omsetninga for alle næringar 2 015 milliardar kroner og dei sysselsette til saman 277 825 personar. Næringane industri, utvinning av olje og naturgass inkludert tilknytte teneste, og varehandel vart igjen dei viktigaste næringane.
Norske selskap aktiv i 121 land Artikkel 20. februar
Det var 4 443 norske dotterselskap i utlandet i 2022. Selskapa i utlandet sysselsette 270 161 personar, med ei samla omsetning på 1 969 milliardar kroner.
2023
Sterk vekst for norsk næringsliv i utlandet Artikkel 9. februar
Norsk næringsliv utanfor Noreg fekk ein framgang i 2021. Norske dotterselskap i utlandet registrerte rekordhøgt omsetning og ein auke i samla sysselsette samanlikna med året før.
2022
Nedgang for norsk næringsliv i utlandet Artikkel 17. februar
Året 2020 resulterte i ein nedgang i omsetning og sysselsette for norske dotterselskap i utlandet samanlikna med 2019. Utvalet ga ei samla omsetning på 1 296 milliardar kroner og samla sysselsette på 274 434 personar. Dette svarar til eit fall i omsetning på over 8 prosent og sysselsette på 5 prosent.