Statistikken over norske dotterselskap i utlandet viser ein høgare aktivitet for norskkontrollerte føretak i utlandet i 2021 i forhold til 2020. Til tross for at statistikken registrerte 29 føretak færre i 2021, vart det ein auke på 2 872 sysselsette personar og ein auke i samla omsetning med 12 prosent frå 2020.

Hovudpunkt for norske dotterselskap i utlandet i 2021:

  • Samla omsetning utgjorde 1 433 milliardar kroner, ein auke på 12 prosent frå 2020
  • Samla sysselsette personar var 282 358, ein auke på 1 prosent frå 2020
  • Samla gjennomførte bruttoinvesteringar i fast realkapital på 297 milliardar kroner
  • Samla lønnskostnader på 130 milliardar kroner
  • Det vart registrert 4 157 norske dotterselskap utanfor Noreg ved utgangen av 2021, 29 færre enn året før

Rekordhøg samla omsetning, nokon få land driv mest

Figur 1 viser samla omsetning og omsetning for seks utvalde land frå dei siste seks år. Vi ser at samla omsetning opplevde ein stabil auke dei siste årene før eit kraftig fall i 2020. I 2021 gjekk derimot samla omsetning opp igjen til 1 433 milliardar kroner. Dette er det høgaste nivået registrert sidan Statistisk sentralbyrå byrja å produsere denne statistikken i 2008. Figuren viser også at nokon få land står for mykje av samla omsetning. Dei seks utvalde landa utgjer over halvparten av total omsetning.

Figur 1. Samla omsetning og omsetning for seks utvalde land. Milliarder kroner

Moderat auke i sysselsette

Frå figur 2 kan vi sjå utviklinga til samla sysselsette for alle land, og samla sysselsette for dei sama seks utvalde landa som over. Her ser vi samla sysselsette personar for norske føretak i utlandet også auka litt i 2021, men ikkje like stor auke som samla omsetning. Igjen kan vi sjå at dei seks utvalde landa er ein sterk bidragsytar til totalen, kor tal sysselsette personar for dei seks landa er bortimot halvparten av samla sysselsette personar.

Figur 2. Samla sysselsetting og sysselsetting for seks utvalde land

To nye variablar introdusert

Frå og med referanseåret 2021 publiserast det ei oversikt over lønnskostnadar og bruttoinvesteringar for norske dotterselskap i utlandet.

  • Bruttoinvesteringar

Bruttoinvesteringar omfattar anskaffing av fast realkapital. I 2021 viser tal for norske føretak i utlandet bruttoinvesteringar på 297 milliardar kroner. Det var mest investeringar i realkapital i Nederland. Her vart det utført investeringar i realkapital for 45 milliardar kroner. Dette utgjer 15 prosent av samla bruttoinvesteringar i 2021.

  • Lønnskostnader

I 2021 hadde norske dotterselskap i utlandet ein samla lønnskostnad på rundt 130 milliardar kroner. Figur 3 gjev ei oversikt over dei seks landa med høgast lønnskostnad i prosent i 2021. I Sverige var samla lønnskostnad på totalt 27 milliardar kroner. Bak Sverige følgjer USA og Danmark med høvesvis 16 milliardar kroner og 11 milliardar kroner.

Figur 3. Seks landa med høgast lønnskostnad. Milliardar kroner

Dersom vi samanliknar lønnskostnadar med tal sysselsette personar per land, ser vi at Sverige ikkje har høgast lønnskostnad per person av dei seks utvalde landa for norske føretak i utlandet. Av dei, er det USA som har høgaste lønnskonstandar per sysselsette med ei snittlønn på 882 000 kroner per person. Deretter kjem Tyskland og Storbritannia med høvesvis ei lønnskostnad på 859 000 kroner og 672 000 kroner i snitt per person. Se statistikkbanken for tal per næring.

Tal for årgangen 2020 er revidert i denne publiseringa.

Kvaliteten på statistikken vert påverka av registreringsgrunnlaget for utvalet og kvaliteten på dataa som vert innrapporterte. Særleg variablane lønnskostnadar og bruttoinvesteringar ber preg av usikker beløp i 2021 som følgje av det er første gong det publiserast.