Statistikken over norske dotterselskap i utlandet viser ein lågare aktivitet for norsk næringsliv i utlandet for 2020 samanlikna med 2019. Samla omsetning i 2020 er det lågaste talet sidan 2016, mens samla sysselsette i 2020 er det lågaste registrerte talet sidan 2011. Statistikken er basert på et utval norske føretak som rapporterer dotterselskap i utlandet. Det er registrert 4 442 norske dotterselskap utanfor Noreg, fordelt i 120 ulike land. Det var ein svak auke med 21 fleire dotterselskap i 2020 enn året før.
Fall i samla omsetning i alle verdsdelane
Figur 1 viser samla omsetning og omsetning for dei tre største verdsdelane dei siste seks år. Vi ser at samla omsetning har stige mellom 2016 og 2019, men fall i 2020. Statistikken viser at alle verdsdelane har ein nedgang i omsetning i 2020 samanlikna med året før. Størst fall er i Nord- og Mellom-Amerika med ein nedgang på over 50 milliardar kroner, som svarar til ein nedgang på 17 prosent. Europa er den verdsdelen som fall nest mest, men framleis sto Europa for over halvparten av samla omsetninga i 2020.
Samla sysselsette følgde omsetning
Frå figur 2 så ser vi same trend med sysselsette som vi gjer med omsetning. Samla sysselsette fall i 2020 samanlikna med 2019. Asia er den verdsdelen som fall mest med eit fall på over 6000 personar, som svarar til ein nedgang på rundt 14 prosent. Europa er den mest dominerande verdsdelen med over 60 prosent av samla sysselsette. Denne verdsdelen hadde ein nedgang på over 5000 personar i 2020.
Fall i mange næringar, men auke i informasjon og kommunikasjon
Vi kan sjå på figur 3 at næringane industri og bergverksdrift og utvinning sto for mesteparten av samla omsetning for norske dotterselskap i utlandet. Dei to næringane sto saman for over halvparten av samla omsetning i 2020. Samanlikna med året før fall dei to næringane med nesten 90 milliardar kroner.
Ikkje alle næringar fall. Størst auke frå 2019 var det næringa informasjon og kommunikasjon som stod for. Denne næringa auka med over 10 milliardar kroner i omsetning, som tilsvara rundt 7 prosent samanlikna med 2019.
Tal for årgangen 2019 er revidert i denne publiseringa