I januar 2025 var foreldrebetalinga for eit gjennomsnittleg norsk barnehagebarn med Undersøkinga måler månedssatsar for fulltidsopphald på 41 timer eller meir per uke. i barnehage 1 664 kroner i månaden. I tillegg kravde barnehagane i snitt inn 409 kroner for å dekkje kostpengar og andre tilleggsutgifter. Med 11 betalingsterminar i året, svarer dette til ei årleg betaling på 22 803 kroner for eit fulltidsopphald inkludert kostpengar og andre tilleggsutgifter. Dette er ein nedgang på 28,1 prosent samanlikna med januar 2024, syner nye tal frå statistikken Foreldrebetaling i barnehagar.

– Nedgangen vert i hovudsak driven av ei reduksjon i den nasjonalt fastsette maksimalprisen for foreldrebetaling i barnehagar. Frå 1. august i fjor vart maksimalprisen senka frå 3 000 til 2 000 kroner. I dei minst sentrale kommunane vart maksimalprisen ytterlegare redusert, til 1 500 kroner, seier Espen Kristiansen, seksjonssjef i Statistisk sentralbyrå.

Om lag 11 prosent av norske barnehagebarn går i barnehage i ein kommune med redusert maksimalpris.

Frå januar 2024 til januar 2025 auka dei gjennomsnittlege kostpengane og andre tilleggsutgifter med 7,8 prosent for landet som heilskap.  Desse utgiftene auka i alle fylka, og den største auken fann vi i Oslo, med 22,8 prosent. Troms og Trøndelag hadde lågast auke, høvesvis 3,2 og 4,2 prosent.

 Økninga i kostpenger motverkar dermed noko av nedgangen som kjem av lågare maksimalpris, seier Espen Kristiansen.

I utrekninga av gjennomsnittssatsane er det teke omsyn til betalingsmoderasjonar som gratis kjernetid, søskenmoderasjon og friplassar. Dette er vekta med talet på barn som faktisk mottar dei ulike moderasjonane i kommunane. Sidan foreldrebetalinga er knytt til hushaldas inntektsnivå, vil ein endring i betalingssatsane spegle både endringar i barnehageordningane til kommunane og endringar i bruttoinntekta til barnefamiliar. 

Endringar i samansetjinga av familiar, til dømes at fleire eller færre får søskenmoderasjon frå eitt år til det neste, vil òg påverke dei gjennomsnittlege satsane. På same måte vil ulike gjennomsnittlege satsar på tvers av fylke spegle skilnader i inntektsfordelinga og familiesamansetjinga til barnefamiliar mellom fylka.

Moderat skilnad mellom fylka

Fylka Akershus og Oslo hadde i januar 2025 høgast gjennomsnittleg årsbetaling, med høvesvis 23 970 og 23 746 kroner. 

Den lågaste årsbetalinga var i Finnmark, der gratis barnehage vart innført i august 2023 som del av regjeringa sine tiltak i Innsatssona er eit  samla omgrep for økonomiske personretta og næringsretta verkemiddel i Finnmark og Nord-Troms. Målet med sona er å skape ein attraktiv region å bu, arbeide og drive næringsverksemd i (regjeringen.no). . Det same gjaldt sju av kommunane i Troms fylke, som hadde nest lågast årsbetaling. Om vi ser bort frå Finnmark og Troms, var Nordland det fylket med lågast årleg betaling i januar 2025, på 21 278 kroner.

– Det er nokre skilnader mellom høgast og lågast årsbetaling, men dei fleste fylka ligg ganske nær kvarandre, seier Espen Kristiansen.

Figur 1. Gjennomsnittleg årsbetaling for eit barn, etter fylke. Alle barnehagar. Januar 2025. Kroner

Kostpengane auka frå i fjor

Tala visar at 99 prosent av dei kommunale barnehagane kravde kostpengar ut over maksimal månadleg sats i januar 2025, medan 98 prosent av dei private barnehagane gjorde det same. I gjennomsnitt kravde private barnehagar likevel meir i kostpengar og andre tilleggsutgifter enn kommunale barnehagar. Medan eit gjennomsnittleg hushald betalte 363 kroner månadleg i kostpengar og andre tilleggsutgifter for et barn i kommunal barnehage, kravde privateigde barnehagar i gjennomsnitt 426 kroner månadleg.

– Sidan 2016 har kostpengane lege høgare i private enn i kommunale barnehagar. Dei har auka både i kommunale og private barnehager år for år, med unntak av 2021. I år aukar kostpengane igjen, men skilnaden mellom dei to har minka noko samanlikna med i fjor, seier Espen Kristiansen.

Foreldre i Finnmark betalte minst i kostpengar per barn, i gjennomsnitt 372 kroner i månaden. Barnehagane i Akershus og Østfold fylke kravde derimot landets høgaste kostpengar, høvevis 442 og 435 kroner i månaden.

For fleire detaljar, sjå rapporten «Foreldrebetaling i barnehager, januar 2025».