I januar 2024 var foreldrebetalinga for eit gjennomsnittleg norsk barnehagebarn med Undersøkinga måler månedssatsar for fulltidsopphald på 41 timer eller meir per uke. i barnehage 2 504 kroner i månaden. I tillegg kravde barnehagane i snitt inn 379 kroner for å dekkje kostpengar og andre tilleggsutgifter. Med 11 betalingsterminar i året, svarer dette til ei årleg betaling på 31 720 kroner for eit fulltidsopphald inkludert kostpengar og andre tilleggsutgifter. Dette er ei nedgang på 0,4 prosent samanlikna med januar i fjor, syner nye tal frå statistikken Foreldrebetaling i barnehagar.
Fleira faktorar bidrar til at foreldrebetalinga på landsbasis er tilnærma uendra frå fjoråret:
- Med verknad frå 1. august 2023 vart søskenmoderasjon utvida til å omfatte 100 prosent reduksjon i foreldrebetalinga, altså gratis barnehageplass, frå barn nummer tre. Dette gjeld familiar der søskena bur fast saman og går i barnehage i same kommune.
- Frå same dato vart barnehage gratis i heile Finnmark fylke og sju kommunar i Nord-Troms, den såkalla tiltakssona.
- Samstundes auka gjennomsnittlege kostpengar og andre tilleggsutgifter i alle landets fylke i perioden - på landsbasis auka desse utgiftene med 7,1 prosent. Den største auken finn vi i Agder og Finnmark, på høvesvis 23,9 og 13,3 prosent. Telemark hadde landets lågaste auke i kostpengar og andre tilleggsutgifter, på 4,1 prosent.
- Gjennomsnittleg månadleg betaling for ein fulltidsplass, inkludert friplassar, auka i 7 av landets 15 fylke.
I utrekninga av gjennomsnittssatsane er det teke omsyn til betalingsmoderasjonar som gratis kjernetid, søskenmoderasjon og friplassar. Dette er vekta med talet på barn som faktisk mottar dei ulike moderasjonane i kommunane.
Sidan foreldrebetalinga er knytt til hushaldas inntektsnivå, vil ein endring i betalingssatsane spegle både endringar i bruttoinntekta til barnefamiliar og barnehageordningane til kommunane. På same måte vil ulike gjennomsnittlege satsar på tvers av fylke også spegle skilnader i inntektsfordelinga til barnefamiliar mellom fylka.
Høgast og lågast årsbetaling
Trøndelag fylke hadde i januar 2024 høgast gjennomsnittleg årsbetaling på 33 342 kroner, samt den høgste auken på 3,9 prosent frå januar året før. I 2023 var det Møre og Romsdal fylke som hadde høgast gjennomsnittleg årsbetaling.
Lågast årsbetaling hadde Finnmark og Troms, der eit gjennomsnittleg hushald betalte høvesvis 87,8 og 7,1 prosent mindre enn i 2023, sterkt påverka av innføringa av gratis barnehage i tiltakssonen. Om vi ser bort frå Finnmark, der prisen for eit års fulltidsopphald berre bestod av kostpengar og andre tilleggsutgifter, og summerte til 3896 kroner, var Østfold fylket med den lågaste årlege betalinga i januar 2024, på 29 620 kroner.
Dei fleste barnehagar krev kostpengar
Tala visar at 99 prosent av dei kommunale barnehagane kravde kostpengar ut over maksimal månadleg sats i januar 2024, medan 97 prosent av dei private barnehagane gjorde det same. I gjennomsnitt kravde private barnehagar likevel meir i kostpengar og andre tilleggsutgifter enn kommunale barnehagar. Medan eit gjennomsnittleg hushald betalte rundt 332 kroner månadleg i kostpengar og andre tilleggsutgifter for et barn i kommunal barnehage, kravde privateigde barnehagar i gjennomsnitt 399 kroner månadleg.
– Denne skilnaden er likevel mindre enn ho var i fjor. Samanlikna med året før, hadde kommunale barnehagar ein auke i kostpengar og andre tilleggsutgifter på rundt 8 prosent, samstundes som privateigde barnehagar hadde ein nedgang i desse utgiftene på rundt 0,7 prosent, seier seksjonssjef Espen Kristiansen i Statistisk sentralbyrå.
Foreldre i Oslo betalte i gjennomsnitt minst i kostpengar per barn, 311 kroner i månaden. Barnehagane i Østfold og Akershus fylke kravde derimot landets høgaste kostpengar, 415 kroner i månaden.
For fleire detaljar, sjå rapporten «Foreldrebetaling i barnehager, januar 2024».