22788_not-searchable
/utdanning/statistikker/utgrs/arkiv
22788
Fleire får særskild norskopplæring
statistikk
2004-05-27T10:00:00.000Z
Utdanning;Innvandring og innvandrere;Offentlig sektor
no
utgrs, Elevar i grunnskolen, barneskolar, ungdomsskolar, kombinerte skolar, spesialundervisning, private skolar, skolestorleik, morsmålsopplæring, målform, bokmål, nynorsk, PC-tilgangGrunnskoler, KOSTRA, Utdanning, Innvandring og innvandrere, Utdanning, Offentlig sektor
false

Elevar i grunnskolen1. oktober 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire får særskild norskopplæring

Hausten 2003 fekk fleire enn 35 000 elevar1, eller 5,7 prosent1 av alle elevar i grunnskolen, særskild norskopplæring. Dette var ein auke på om lag 0,3 prosentpoeng frå førre skoleår. Det var også ein auke i talet på elevar som fekk morsmålsopplæring, men delen elevar som får slik opplæring har vore stabil i overkant av 3 prosent dei siste åra.

Elevar med særskild norskopplæring. Skoleåra 1997/98-2003/04. Prosent

Frå skoleåret 1997/98 har delen elevar som får særskild norskopplæring gått opp frå 4,4 til 5,7 prosent1.

Det var i fylka som hadde dei høgaste elevtala at ein òg finn dei fleste elevar som får særskild norskopplæring. Nesten 60 prosent av alle elevar som fekk særskild norskopplæring var frå Oslo, Akershus, Rogaland eller Hordaland. Ifølgje opplæringslova skal kommunen gi elevar i grunnskolen med anna morsmål enn norsk og samisk nødvendig morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring og særskild norskopplæring til dei har tilstrekkelege kunnskapar i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen.

Urdu klart størst, men nedgang i talet på elevar

Bortimot 20 000 elevar fekk anten morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge delar hausten 2003.

Elevar som fekk morsmålsopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring, etter morsmål. 1. oktober 2003

Urdu var det språket flest elevar fekk morsmålsopplæring eller tospråkleg fagopplæring på. Fleire enn 2 500 elevar fekk morsmålsopplæring i urdu, nesten 300 færre enn i 2002. Somalisk, kurdisk, arabisk, vietnamesisk, albansk og bosnisk var òg store språk med mellom 1 000 og 2 000 elevar som fekk morsmålsopplæring på kvart. Størst auke var det i talet på elevar som fekk kurdisk. Frå 2002 auka talet på elevar som fekk kurdisk med meir enn 300.

Delen elevar med nynorsk går ned

Talet på elevar som har nynorsk som opplæringsmålform, har vore stabilt rundt 90 000 dei siste tre åra. Som følgje av den totale elevauken dei same åra har delen elevar med nynorsk gått noko ned, og ligg no på om lag 14,5 prosent av alle elevane i grunnskolen. 527 000 elevar hadde bokmål som opplæringsmålform, og knapt 1 000 hadde samisk som opplæringsmålform.

Fleire enn 617 000 elevar i grunnskolen

Hausten 2003 blei det totalt registrert fleire enn 617 000 elevar i 3 209 grunnskolar i Noreg. Sidan 1997 har elevtalet auka med nesten 60 000.

1  Rettet 24.06.2004.

Tabeller: