Overskotet på handelsbalansen fall med 53 prosent frå 2022 til 2023, og nivået i 4. kvartal var 118 milliardar kroner lågare enn i 4. kvartal året før. Overskotet låg likevel framleis på eit historisk høgt nivå. Den fremste årsaka til det høge overskotet var dei høge eksportinntektene på petroleum.

  • Driftsbalanseoverskotet i fjerde kvartal har blitt redusert med 31 prosent sidan fjerde kvartal i fjor.
  • Handelsbalansen har blitt redusert med 36 prosent i same perioden.
  • Enorm vekst i Noregs nettofordringar ovanfor utlandet på tilnærma 3 700 milliardar kroner i 2023, opp 32 prosent samanlikna med utgangen av 2022.
  • Denne store veksten i kjem i hovudsak av store marknadskursgevinstar på aksjar etter ein solid oppgang på dei globale aksjemarknadene i 2023, og dessutan høge nettofinansinvesteringar i utlandet.

Figur 1. Utvikling i valutakurs
Prosentvis endring i NOK mot I44. Les mer om innholdet i tekstbeskrivelse og kilde under figuren.

Figuren viser utrekning av I-44. Valutakursindeksen I-44 er ein nominell effektiv valutakursindeks rekna ut på grunnlag av kursane på NOK mot valutaene for Noreg sine viktigaste handelspartnarar. Indeksen er sett lik 100 i 1995. Stigande indeksverdi betyr depresierande kronekurs. I-44 blir rekna ut som eit vege geometrisk gjennomsnitt av kursa til 44 land. Vektene blir skifta årleg og blir rekna ut på grunnlag av SSB sin statistikk for Noregs import frå dei 44 største landa målte i importverdi til Noreg. Landssamansetninga er ikkje fast. Vektene som er rekna ut på grunnlag av importen for eit år blir tatt i bruk frå og med annan vyrkedag i september i det følgande året. Indeksen er rekna ut etter same prinsipp som konkurransekursindeksen. Indeksen er også nærare forklart i ei ramme i Inflasjonsrapport 1999/1.

Valutakursendringar:

Driftsrekneskapen - Eksport og import

Eksport og import blir påverka av valutakursen. Når den norske krona styrker seg vil importen bli billigare for oss (nordmenn), mens eksporten blir dyrare for utlendingar. Tilsvarande vil ei svekking av krona mellom to periodar ha ein motsett effekt – import blir dyrare for oss og eksporten blir billigare for utlendingar. Det vil også vere relevant om produkta som opplever prisendring er eit produkt der prisen blir bestemd på verdsmarknaden eller i eit anna land - eller om prisen blir bestemd lokalt her – i dette tilfellet Noreg. For import er det nesten alltid slik at ein er pristakar. For eksporten vil det i enkelte tilfelle vere slik at prisen blir bestemd på heimemarknaden. Det vil også vere slik at volum av eksport og import blir påverka av den prisen ein oppnår. Men det blir vanskeleg å skilje mellom desse volumendringane og andre volumendringar i statistikken.

Valutakursendringa kan derfor sjåast på som ei prisendring som kjem på toppen av resten av prisendringa på eksport (norsk prisendring) og import (prisendring i det landa ein importerer frå). Men denne prisendringa som skriv seg frå valutakursen vil typisk ofte variere slik at det nokon periodar er positiv valutakursprisvekst og andre periodar negativ, men med forventning over tid nær null. Prisendringar på eksport og eksport kan ein finne i nasjonalrekneskapen.

Driftsrekneskapen - Inntekter og utgifter
Valutakursendringar på inntekter og utgifter overfor utlandet vil på mange måtar fortone seg analogt med eksport og import. På same måte som ein eksport vil også ei driftsinntekt betalt til Noreg frå utlandet (til dømes ei utbyttepostering) med oppgjer i utanlandsk valuta forårsake ei høgare inntekt ved ei svekking av NOK mot den same utanlandske valutaen, og vice versa for ei styrking av NOK.

Finansrekneskapen:
Andre endringar kan kome som følgje av svingingar i valutakursar sett i forhold til norske kroner. Aksjane i utlandet er i ein annan valuta, og viss t.d. norske kroner styrker seg i forhold til denne utanlandske valutaen som aksjane er i, vil verdien av aksjeporteføljen reduserast i ein rekneskap som blir ført i norske kroner. Dette vil visast som ei negativ valutakursomvurdering i finansrekneskapen, som igjen reduserer behaldninga ved utgangen av perioden.

 

Lågare overskot på handelsbalansen

Handelsbalansen viste eit overskot på 215 milliardar kroner i 4. kvartal, ned frå 334 milliardar i same periode året før. For året sett under eitt falt overskotet på handelsbalansen med 53 prosent frå 2022 til 2023. Fallet frå 4. kvartal 2022 til 4. kvartal 2023 var på 36 prosent. Fallet i overskotet på handelsbalansen etter dei rekordhøge nivåa gjennom 2022 skuldast i fyrste rekke lågare gassprisar. Overskotet på handelsbalansen i 4. kvartal låg likevel godt over dei høgaste observasjonane frå perioden før oljeprisfallet i 2014. Handelsbalanseoverskotet var tilsvarande 21,2 prosent av BNP Fastlands-Noreg.

Samla eksporterte Noreg varer og tenester for 2420 milliardar kroner i 2023, eit fall på 746 milliardarkroner frå 2022. I fjerde kvartal 2023 var verdien 641 milliardar kroner. Dette er ein reduksjon på 119 milliardar samanlikna med same periode året før, og ein nedgang på 16 prosent. Vareeksporten gjekk ned med 20 prosent, mens tenesteeksporten auka med 6 prosent. Samla import av varer og tenester til Noreg utgjorde 426 milliardar kroner i 4. kvartal av 2023, uendra frå same periode året før. Vareimporten falt med 6 prosent, mens tenesteimporten auka med 12 prosent samanlikna med same periode året før. Oppgangen i tenesteimporten kjem hovudsakeleg av auka reisetrafikk, mens finans- og forretningstenester  òg bidrog. Volum- og prisutviklinga i eksport og import samt sesongjusterte tal er omtalt i Kvartalsvis nasjonalrekneskap.

Figur 2. Driftsbalansen mot utlandet
Figur 2. Driftsbalansen overfor utlandet. Les mer om innholdet i tekstbeskrivelse og kilde under figuren.

Figuren viser nokre balansepostar overfor utlandet: (1) Vare- og tenestebalansen som eksport minus import, (2) Rente- og stønadsbalansen som inntekter minus utgifter til utlandet, og Driftsbalansen som summen av desse to.

Moderat overskot på rente- og stønadsbalansen

Rente- og stønadsbalansen viste eit overskot på 155 milliardar kroner for året 2023, 46 prosent høgare enn for året 2022. For 4. kvartal av 2023, var overskotet 13 milliardar kroner høgare enn i 4. kvartal 2022. Overskotet på rente- og stønadsbalansen utgjorde 4 prosent av BNP Fastlands-Noreg for heile 2023, mot 2 prosent i 4. kvartal av 2023.

Høgare rentenivå i Noreg og internasjonalt gir auke i rentebetalingane til og frå Noreg. For året som heilskap er auka i renteinntekter frå 2022 til 2023 på 60 prosent mot ein vekst på 127 prosent på utgiftssida. Renteinntektene var på 329 milliardar kroner mens renteutgiftene var på 257 milliardar kroner.

Overføringane til utlandet var på 32 milliardar kroner i 4. kvartal 2023. Det var ein auke på 30 prosent frå same kvartal året før, mellom anna på grunn av auka bistand og overføringar til Ukraina. Rente- og stønadsbalansen har vist overskot over fleire kvartal, noko som reflekterer aukande formuesinntekter for landet, mellom anna frå Statens pensjonsfond utlandet. Førre år rekna som heilskap ga ei auke på 47 prosent for overskotet på rente- og stønadsbalansen.

Driftsbalansen mot utlandet enda på 233 milliardar kroner, ein reduksjon på 31 prosent samanlikna med same kvartal i fjor.

Enorm auke i finansrekneskapen

Nettofordringane har auka med 32 prosent i 2023 samanlikna med utgangen av 2022. Det svarer til ein auke på 3 700 milliardar kroner. Frå 11 586 milliardar kroner i 2022 til 15 284 milliardar kroner ved utgangen av 2023. 15 284 milliardar kroner er dei høgaste nettofordringane overfor utlandet nokosinne og oppgangen kjem hovudsakleg av marknadsprisgevinstar på rundt 2 130 milliardar kroner, store nettofinansinvesteringar tilnærma 1 050 milliardar kroner, og dessutan valutakursgevinstar på vel 440 milliardar kroner.

Figur 3. Utviklingen i Norges finansregnskap overfor utlandet
Figur 3. Utviklingen i Norges finansregnskap overfor utlandet. Les mer om innholdet i tekstbeskrivelse og kilde under figuren.

Figuren viser utviklinga av Noregs nettofordringar overfor utlandet, nettofinanstransaksjonar og netto andre endringar.

Som grafen ovanfor viser, har nettofordringane auka svært kraftig i 2023.

Høgt investeringsnivå

Dei samla nettofinansinvesteringane enda på tilnærma 1 050 milliardar kroner i 2023. Historisk sett er dette svært høgt, berre slått av nettofinansinvesteringar i 2022 på rundt 1 420 milliardar kroner. Statens Pensjonsfond Utland står for størsteparten av finansinvesteringane i utlandet, og dei har halde fram med det høge investeringsnivået i aksjar og andre verdipapir som vi såg i 2022. 

Store marknadsprisgevinstar 

Det blei nettogevinstar på vel 2 700 milliardar kroner i 2023 på grunn av ein solid oppgang i dei globale aksjemarknadene. Dette er totalt annleis samanlikna med det enorme nettotapet på aksjar, verdipapir m.m. på rundt 1 460 milliardar kroner i 2022. Sidan store delar av Noregs formue er plassert i aksjar i utlandet, fører ein solid oppgang i globale aksjemarknadene til stor ein verdiauke av formuen.

Drifts- og kapitalrekneskapen

I denne publiseringsrunda er perioden 1. kvartal 2022 til 3 kvartal 2023 revidert.

 

Finansrekneskapen

Frå og med 1. kvartal 2022 har det blitt gjort store revisjonar på anna kapital under andre finansinvesteringar, både på fordrings- og gjeldssida. Tala har blitt revidert ned alle kvartala. Dette påverkar både behaldningar og transaksjonar.

Nasjonalrekneskapen bli revidert i 2024

Statistisk sentralbyrå (SSB) er i gong med ei omfattande revidering av tidsseriane i nasjonalrekneskapen og planlegg publiseringar i november og desember 2024. Statistikk om utanriksrekneskap er ein integrert del av nasjonalrekneskapet og vil derfor gjennomføre ein tilsvarande revisjon. Revisjonen skal innarbeide ny eller oppdatert statistikk, samt forbetra metodar. Les meir om revisjonen i eigen artikkel.