I 2024 vart det registrert 4543 opna konkursar, som er om lag på nivå med dei 4517 konkursane som vart registrerte i 2023. Sjølv om det samla talet på konkursar er nesten uendra, er det likevel store forskjellar mellom føretak i ulike næringsgrupper og med ulik organisasjonsform.

- Talet på konkursar er tilnærma uendra. Det er færre konkursar innanfor bygg og anlegg. Talet på konkursar auka i føretak som AS, seier seksjonssjef Erik Fjærli.

Personlege konkursar inklusive enkeltmannsføretak fall frå 772 til 626 konkursar, eit fall på nesten 19 prosent. Største bidragsytar til reduksjonen her var Byggje- og anleggsverksemd, med eit fall frå 316 til 252 konkursar.

Blant føretak eksklusive enkeltpersonsforetak (i hovudsak aksjeselskap) auka talet på konkursar med 4,6 prosent, frå 3745 i 2023 til 3917 i 2024. Blant desse var den prosentvise auken størst for næringsgruppa Omsetning og drift av fast eigedom med ein auke på 52 prosent frå 127 til 193 konkursar. Ei anna næringsgruppe som viser stor auke er Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting. Her auka talet på konkursar med 24 prosent, frå 262 til 325 konkursar.

Figur 1. Opna konkursar, etter type konkurs og kvartal