Den største prosentvise nedgangen finn vi i Troms og Finnmark med høvesvis 45 og 42 prosent færre konkursar. Oslo, med 24 færre konkursar, er det fylket som hadde den største nedgangen i absolutte tal samanlikna med den same perioden i fjor.
I Østfold og Møre og Romsdal gjekk talet på konkursar opp med høvesvis 56 og 34 prosent.
856 av konkursane i 3. kvartal var føretakskonkursar (eksklusive einskildpersonføretak), som er ein auke på 4 prosent. Omsetning og drift av fast eigedom hadde ein auke på 43 prosent.
Dei resterande 83 konkursane omfattar einskildpersonføretak og personlege konkursar. Her gjekk talet ned med 33 prosent. 39 prosent av dessa konkursane finn vi innanfor byggje- og anleggsverksemd. Talet på konkursar innanfor denne næringa gjekk ned med 29 prosent frå i fjor.