Den største prosentvise auka finn vi i fylka Nordland, Innlandet og Troms med høvesvis 66, 65 og 52 prosent fleire konkursar. Med 56 fleire konkursar var Oslo fylket der talet på konkursar i absolutte tal auka mest.

-I dei siste åra har det vore til dels store svingingar, og det er berre to kvartal sidan det sist var ein auke på dette nivået, seier seksjonssjef Erik Fjærli

Det var føretakskonkursane, utanom einskildpersonføretak, som utgjorde auka. Det vart registrert 1085 slike konkursar, noko som er ein auke på heile 28 prosent frå same periode i fjor. 29 prosent av føretakskonkursane var innanfor byggje- og anleggsverksemd, medan 18 prosent var innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner.

Dei resterande 187 konkursane, som er 16 prosent færre enn året før, var einskildpersonføretak og personlege konkursar. Her var 43 prosent innanfor byggje- og anleggsverksemd.

Hittil i år har det vore opna 2 405 konkursar. Dette er 1 prosent fleire enn i den same perioden året før. Den største veksten var innanfor informasjon og kommunikasjon med 53 prosent fleire konkursar, følgt av omsetning og drift av fast eigedom som hadde en auke på 36 prosent. Helse- og sosialtenester gjekk ned med 41 prosent.

Figur 1. Opna konkursar, etter type konkurs og kvartal