Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Aksjekapitalen auka med 8 milliardar
Samla pålydande aksjekapital i norske aksjeselskap i 2006 utgjorde 623 milliardar kroner mot 615 milliardar kroner i 2005.
Norske føretak åtte 62 prosent av pålydande aksjekapital i norske aksjeselskap ved utgangen av 2006. Norske hushald og ideelle organisasjonar åtte 14 prosent og offentleg forvaltning 8 prosent. Utanlandske aksjonærar åtte 16 prosent mot 14 prosent i 2005.
Aksjeutbytte
Norske aksjeselskap delte ut totalt 179 milliardar kroner i aksjeutbytte i 2006. Hushald og ideelle organisasjonar mottok 6 milliardar kroner, offentleg forvaltning 24 milliardar kroner, norske føretak 83 milliardar kroner og utanlandske eigarar 64 milliardar kroner.
Tala er korrigerte
22. juni 2007 publiserte Statistisk sentralbyrå aksjestatistikk. Med bakgrunn i nye opplysningar har tala nå blitt korrigerte. Samla pålydande aksjekapital og aksjeutbytte har blitt korrigert med høvesvis 43 og 30 milliardar kroner i 2006. Ein vesentleg del av endringane kjem av nye opplysningar om utanlandsk eigarskap.
Om statistikkgrunnlagetStatistikken byggjer på uttrekk frå Skattedirektoratets aksjonærregister. Statistikken omfattar norske aksjeselskap og allmennaksjeselskap. Totalt dekkjer statistikken omkring 177 000 aksjeselskap i 2006. Ifølgje Statistisk sentralbyrås bedrifts- og føretaksregister var det om lag 195 000 aktive aksjeselskap per 31.12.2006. Meir informasjon i Om statistikken . |
Tabeller:
Kontakt
-
Hieu Minh Tran
E-post: hieu.tran@ssb.no
tlf.: 46 67 66 50
-
Richard Solem
E-post: richard.solem@ssb.no
tlf.: 40 81 14 07