19851_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/aksjer/arkiv
19851
149 milliardar i aksjeutbytte
statistikk
2005-12-22T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Bank og finansmarked
no
aksjer, Aksjer og kapitalutdelinger, aksjeselskaper, allmennaksjeselskaper, aksjekapital, aksjeutbytte, overkurs, aksjer, aksjeeiere, aksjonærer, skjermingsfradragEierskap og roller, Verdipapirmarkeder, Bank og finansmarked, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Aksjer og kapitalutdelinger2004, foreløpige tall

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

149 milliardar i aksjeutbytte

Norske aksjeselskap utbetalte 149 milliardar kroner i utbytte til sine aksjonærar i 2004. Heile 60 milliardar av dette gjekk til norske hushald, medan 28 milliardar eller nærare 19 prosent gjekk til utlandet. Over halvparten av utbyttet som gjekk til utanlandske aksjonærar, kom frå olje- og gassutvinning.

Om lag 97 prosent av utbyttet hushalda fekk utbetalt, kom frå unoterte aksjar. Norske føretak fekk utbetalt 47 milliardar kroner i utbytte, medan offentleg forvaltning tok ut 12 milliardar kroner i utbytte frå norske aksjeselskap.

Mest utbytte frå olje- og gassutvinning

Aksjeselskap i olje- og gassutvinning samt forretningsmessig tenesteyting og eigedomsdrift utbetalte mest i utbytte, med høvesvis 37 og 34 milliardar kroner. Over 44 prosent av utbyttet frå olje- og gassutvinning blei utbetalt til utanlandske aksjonærar. Til samanlikning fekk offentleg forvaltning 18 prosent av utbyttet frå denne næringa. I næringa forretningsmessig tenesteyting og eigedomsdrift gjekk 24 milliardar kroner, eller heile 72 prosent av utbyttet, til hushald eller personlege aksjonærar.

Aksjekapital

Totalt sett var over 62 prosent av pålydande aksjekapital i norske aksjeselskap ått av norske føretak. Norske hushald og utanlandske aksjonærar åtte begge om lag 13 prosent. Offentleg forvaltning åtte under 10 prosent av norske aksjeselskap.

Næringa kraft- og vassforsyning hadde ein samla aksjekapital i 2004 på heile 93 milliardar kroner. Norske føretak åtte nesten 86 prosent av aksjekapitalen i denne næringa, medan offentleg forvaltning åtte i overkant av 13 prosent. Ei anna næring med høg aksjekapital totalt sett var forretningsmessig tenesteyting og eigedomsdrift. Mesteparten av aksjekapitalen i denne næringa var ått av norske føretak og hushald med høvesvis 53 og 36 prosent. Trass i at hushalda berre åtte 36 prosent av aksjekapitalen i forretningsmessig tenesteyting og eigedomsdrift, fekk dei, som tidlegare nemnt, mesteparten av utbyttet frå næringa.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken byggjer på eit uttrekk frå Skattedirektoratet sitt aksjonærregister per 31. desember 2004 og omfattar norske aksjeselskap og allmennaksjeselskap underlagt RISK-reglane. Totalt dekkjer statistikken omkring 137 000 aksjeselskap. Statistikken omfattar berre aksjeselskap som har levert Aksjonærregisteroppgåva. Etter Bedrifts- og føretaksregisteret i Statistisk sentralbyrå var det cirka 157 000 aktive aksjeselskap per 31. desember 2004.

Tabeller: