19849_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/aksjer/arkiv
19849
Nær 100 milliardar i utbytte til norske hushald
statistikk
2006-09-13T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Bank og finansmarked
no
aksjer, Aksjer og kapitalutdelinger, aksjeselskaper, allmennaksjeselskaper, aksjekapital, aksjeutbytte, overkurs, aksjer, aksjeeiere, aksjonærer, skjermingsfradragEierskap og roller, Verdipapirmarkeder, Bank og finansmarked, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Aksjer og kapitalutdelinger2005, foreløpige tall

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Nær 100 milliardar i utbytte til norske hushald

Norske aksjeselskap delte ut 243 milliardar kroner i aksjeutbytte i 2005, mot 165 milliardar kroner året før. Av dette fekk hushalda og ideelle organisasjonar 98 milliardar kroner, ein auke på 34 milliardar samanlikna med 2004. Utlandet fekk vel 43 milliardar kroner, eller om lag 8 milliardar meir enn året før.

Den store auken i utbytteutbetalinga til hushalda må truleg sjåast i samanheng med endringar i skattereglane frå og med inntektsåret 2006. Endringane fører til at hushald no får skatt på aksjeutbytte utover ei viss avkastning (aksjonærmodellen).

Mest utbytte frå forretningsmessig tenesteyting og eigedomsdrift

Selskapa i forretningsmessig tenesteyting og eigedomsdrift betalte ut mest aksjeutbytte i 2005 med 63 milliardar kroner. Dette var ein auke på 26 milliardar kroner, eller 70 prosent samanlikna med 2004. Til samanlikning utbetalte selskapa i olje- og gassutvinning 57 milliardar kroner, 16 milliardar kroner meir enn året før.

Stabil eigarsamansetning

Total pålydande aksjekapital i norske aksjeselskap utgjorde 584 milliardar kroner i 2005. Norske føretak eigde 62 prosent av den pålydande aksjekapitalen. Norske hushald eigde 14 prosent, utanlandske aksjonærar 13 prosent og offentleg forvaltning 9 prosent. Dette er tilnærma uendra eigarsamansetning samanlikna med 2004.

Nye skattereglar

I næringa finansiell tenesteyting auka pålydande aksjekapital med 17 milliardar kroner eller 22 prosent frå 2004 til 2005. Dette heng truleg saman med endringar i skattereglane som har ført til mange nyetablerte holdingselskap.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken presenterar førebelse tall for 2005 samt endelege tall for 2004, og byggjer på uttrekk frå

Skattedirektoratets aksjonærregister. Statistikken omfattar norske aksjeselskap og allmennaksjeselskap underlagt RISK-reglane. Totalt dekkjer statistikken omkring 165 000 aksjeselskap i 2005. Statistikken omfattar berre aksjeselskap som har levert Aksjonærregisteroppgåva. Ifølgje Statistisk sentralbyrås bedrifts- og føretaksregister var det om lag 181 000 aktive aksjeselskap per 31.12.2005.

Tabeller: