Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Mindre aksjeutbytte til hushalda
Norske hushald og ideelle organisasjonar mottok 6 milliardar kroner i aksjeutbytte i 2006, syner førebelse tal frå likninga. Dette var over 97 milliardar kroner mindre enn i 2005.
Nedgangen i hushaldas utbytte må sjåast i samanheng med nye reglar for utbytteskatt som vart introdusert frå inntektsåret 2006.
Totalt mottok aksjonærane i norske aksjeselskap nær 148 milliardar kroner i aksjeutbytte i 2006, mot 252 milliardar året før. Offentleg forvaltning mottok 24 milliardar kroner i utbytte, ein auke på 6 milliardar kroner samanlikna med 2005. Norske føretak fekk mest aksjeutbytte i 2006, med 69 milliardar kroner. Til samanlikning gjekk om lag ein tredel av alt utbytte, eller 48 milliardar kroner, til utlandet.
Mest utbytte frå olje og gass
Aksjeselskapa i olje- og gassutvinning delte ut mest aksjeutbytte i 2006 med til saman 49 milliardar kroner. Utanlandske aksjonærar mottok 41 prosent eller 20 milliardar kroner av dette, medan offentleg forvaltning fekk 16 milliardar kroner.
Størst nedgang i aksjeutbytte fann stad i forretningsmessig tenesteyting og eigedomsdrift. Her var nedgangen på heile 46 milliardar kroner eller 72 prosent. Det var berre i kraft- og vassforsyning, finansiell tenesteyting og forsikring at utdelt aksjeutbytte auka.
Aksjekapital
Utanlandske aksjonærar åtte 15 prosent av pålydande aksjekapital i norske aksjeselskap i 2006. Størst eigarskap har utanlandske aksjonærar i finansiell tenesteyting og industri og bergverksdrift, med 21 milliardar kroner i begge næringane.
Hushald og ideelle organisasjonar hadde 15 prosent av aksjekapitalen totalt sett, medan norske føretak og offentleg forvaltning hadde høvesvis 62 og 8 prosent av aksjekapitalen.
Om statistikkgrunnlagetStatistikken presenterar førebelse tal for 2006 samt endelege tal for 2005, og byggjer på uttrekk frå Skattedirektoratets aksjonærregister. Statistikken omfattar norske aksjeselskap og allmennaksjeselskap. Totalt dekte statistikken omkring 177 000 aksjeselskap i 2006. Statistikken omfattar berre aksjeselskap som har levert aksjonærregisteroppgåva. Ifølgje Statistisk sentralbyrås bedrifts- og føretaksregister var det om lag 195 000 aktive aksjeselskap per 31.12.2006. |
Tabeller:
Kontakt
-
Hieu Minh Tran
E-post: hieu.tran@ssb.no
tlf.: 46 67 66 50
-
Richard Solem
E-post: richard.solem@ssb.no
tlf.: 40 81 14 07