19845_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/aksjer/arkiv
19845
Fire av fem utbyttekroner til menn
statistikk
2008-06-27T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Bank og finansmarked
no
aksjer, Aksjer og kapitalutdelinger, aksjeselskaper, allmennaksjeselskaper, aksjekapital, aksjeutbytte, overkurs, aksjer, aksjeeiere, aksjonærer, skjermingsfradragEierskap og roller, Verdipapirmarkeder, Bank og finansmarked, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Aksjer og kapitalutdelinger2007, foreløpige tall

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Fire av fem utbyttekroner til menn

Personlege aksjonærar mottok nær 26 milliardar kroner i utbytte og kapitalnedsettingar i 2007. Av dette fekk menn 20 milliardar kroner, medan 5 milliardar gjekk til kvinner.

Totalt delte norske aksjeselskap ut 248 milliardar kroner i utbytte og kapitalnedsettingar. Dette fordelte seg på 218 milliardar kroner i utdelt utbytte, 9 milliardar kroner i tilbakebetalt aksjekapital og 22 milliardar kroner i tilbakebetalt overkurs. Norske føretak mottok det meste av desse utbetalingane med 121 milliardar kroner, medan utanlandske aksjonærar fekk 69 milliardar kroner, og offentleg forvaltning tok ut 30 milliardar kroner.

Nær halvparten til middelaldrande menn

Personlege aksjonærar busette i Noreg mottok 15 milliardar kroner i utbytte og 11 milliardar kroner i kapitalnedsettingar. Menn i førti- og femtiåra mottok nær halvparten av dette, med til saman 12 milliardar kroner. Til samanlikning gjekk berre 2,3 milliardar kroner til kvinner i den same aldersgruppa. I pålydande aksjekapital åtte menn 65 milliardar kroner, medan kvinner åtte 21 milliardar kroner.

Svenskane åtte mest, danskane tok ut mest

Av dei utanlandske aksjonærane var det aksjonærar frå Sverige som åtte mest av den pålydande aksjekapitalen i norske aksjeselskap, med 22 milliardar kroner i 2007. Deretter følgde aksjonærar frå Storbritannia og USA med høvesvis 14 milliardar kroner og 10 milliardar kroner. Størstedelen av utbyttet gjekk til Danmark, med nær 11 milliardar kroner, medan amerikanske aksjonærar mottok 10 milliardar kroner.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken byggjer på uttrekk frå Skattedirektoratets aksjonærregister. Statistikken omfattar norske aksjeselskap og allmennaksjeselskap. Totalt dekkjer statistikken omkring 188 000 aksjeselskap i 2007. Ifølgje Statistisk sentralbyrås bedrifts- og føretaksregister var det om lag 206 000 aksjeselskap per 31. desember 2007. Meir informasjon i Om statistikken .

Tabeller: