Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Vekst i talet på nyetableringar
I 2012 vart det etablert 9,1 prosent fleire føretak enn året før. Totalt vart det etablert drygt 51 100 føretak i 2012. Størst auke var det i talet på nyetablerte aksjeselskap, med 56,3 prosent, medan det vart etablert 59,1 prosent færre norskregistrerte utanlandske føretak.
2012 | Forandring fra forrige år | |
---|---|---|
Antall foretak | Prosent | |
Foretak per 1. januar | 374 083 | 3,1 |
Nyetablerte foretak | 51 148 | 9,1 |
2011 | ||
Antall foretak | Prosent | |
Nedlagte foretak | 52 110 | 9,3 |
I alt vart det etablert over 20 100 aksjeselskap (AS) i 2012. Talet på nyetablerte norskregistrerte utanlandske føretak (NUF) gjekk ned for andre året på rad og var i 2012 berre ein tredel av tilsvarande tal for 2010. Det vart etablert 1,7 prosent færre enkeltpersonføretak (ENK) i 2012 enn året før. 95,2 prosent av dei nyetablerte føretaka i 2012 var anten AS eller ENK.
Den største oppgangen i nyetableringar frå 2011 til 2012 var innanfor byggje- og anleggsverksemd der det vart etablert 20,4 prosent fleire føretak. Det var òg ein stor auke innanfor undervisning med 18,0 prosent, samt omsetning og drift av fast eigedom med 16,6 prosent. Innanfor industri steig talet på nyetableringar med 13,4 prosent i same perioden.
Det vart etablert flest føretak i 2012 innanfor byggje- og anleggsverksemd med drygt 7 800 føretak, fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting, med nærare 7 600 føretak samt varehandel med 6 000 føretak. Om lag fire av ti nyetablerte føretak i 2012 var innanfor desse næringane.
Delen nyetablerte AS aukande sidan 2001
I 2012 vart det etablert 43,9 prosent fleire føretak enn i 2001. Utviklinga av nyetablerte føretak i denne perioden følgjer i hovudsak utviklinga i talet på nyetablerte AS. Delen AS og ENK av alle nyetablerte føretak har gått opp frå 91 prosent i 2001 til 95 prosent i 2012. Men AS utgjer ein aukande del av nyetableringane. I 2012 var 39 prosent av alle nyetablerte føretak eit AS mot berre 28,3 prosent i 2001. I same perioden gjekk delen ENK ned frå 62,8 prosent til 55,8 prosent. Frå 2003 til 2010 gjekk talet på nyetablerte NUF kraftig opp, men nedgangen i 2011 heldt fram i 2012.
Flest føretak innanfor varehandel
Frå 1. januar 2011 til 1. januar 2012 auka talet på føretak med 11 100, eller 3,1 prosent. Flest føretak var det 1. januar 2012 innanfor varehandel med 14,3 prosent samt byggje- og anleggsverksemd med 14,1 prosent. Dei førebelse tala for 1. januar 2013 er tilnærma uendra frå 1. januar 2012.
I 2011 vart det lagt ned 52 100 føretak. Flest nedleggingar var det innanfor fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting med fleire enn 8 100 nedleggingar, varehandel med nær 6 900 samt byggje- og anleggsverksemd med over 6 600.
Informasjonssektoren i vekst
Det vart etablert 11,9 prosent fleire føretak i informasjonssektoren i 2012 enn i 2011. Totalt vart det etablert nærare 3 600 føretak innanfor informasjonssektoren i 2012, fordelte på snautt 2 700 innanfor IKT-sektoren og 900 innanfor innhaldssektoren . I innhalds- og mediesektoren auka talet på nyetableringar med 19,6 prosent frå 2011 til 2012, medan IKT-sektoren hadde ein oppgang på 9,5 prosent. Sju av ti nyetableringar var innanfor IKT-tenester.
Denne sida blir ikkje oppdatert lenger, sjå Føretak, Kvartalvis.
Kontakt
-
Håkon Frøysa Skullerud
E-post: hakon.skullerud@ssb.no
tlf.: 41 43 59 39
-
Salah Eddine Ziade
E-post: salah.ziade@ssb.no
tlf.: 21 09 48 35