Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Svak auke i nyetableringar
I 2013 vart det etablert 474 fleire føretak enn i 2012, ein auke på 1 prosent. Talet på nye enkeltpersonføretak auka mest, med 5,2 prosent, medan det vart etablert 3,4 prosent færre aksjeselskap. Totalt vart det etablert 51 622 nye føretak i 2013.
2013 | Forandring fra forrige år | |
---|---|---|
Antall foretak | Prosent | |
Foretak per 1. januar | 390 076 | 4,3 |
Nyetablerte foretak | 51 622 | 0,9 |
2012 | ||
Antall foretak | Prosent | |
Nedlagte foretak | 49 624 | -4,8 |
19 467 aksjeselskap (AS) vart etablert i 2013, medan det vart etablert 30 040 enkeltpersonføretak (ENK). Nedgangen i talet på nyetablerte norskregistrerte utanlandske føretak (NUF) heldt fram. I 2013 vart det etablert 296 færre NUF enn året før, ein nedgang på 21,4 prosent. Nær 96 prosent av dei nyetablerte føretaka i 2012 var anten AS eller ENK.
Størst auke innanfor undervisning
Etter næring var den største auken i nyetableringar frå 2012 til 2013 innanfor undervisning, der det vart etablert 9,1 prosent fleire føretak. Det var og ein stor auke innanfor anna tenesteyting, med 7,1 prosent, og innanfor helse- og sosialtenester, med 6,2 prosent. I same perioden gjekk talet på nyetableringar innanfor byggje- og anleggsverksemd ned med 4,2 prosent.
I 2013 vart det etablert flest føretak innanfor fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting, med 7 780 føretak, byggje- og anleggsverksemd med 7 507 føretak, og varehandel med 5 883 føretak. Om lag fire av ti nyetablerte føretak vart etablert innanfor desse næringane i 2013.
45,3 prosent fleire nyetablerte føretak i 2013 enn i 2001
I 2013 var talet på nyetableringar 45,3 prosent høgare enn i 2001. Frå 2001 til 2012 fylgjer utviklinga av nyetablerte føretak i hovudsak talet på nyetablerte AS. Auken frå 2012 til 2013 kjem i stor grad av fleire nyetablerte ENK. Medan 91,1 prosent av nyetableringane i 2001 var organiserte som AS eller ENK, hadde denne delen auka til 95,9 prosent i 2013. Etter å ha auka omtrent kvart år frå 2001 til 2010, har talet på nyetablerte NUF gått ned dei tre siste åra. I 2013 var 2,1 prosent av alle nytablerte føretak eit NUF, mot 9,5 prosent i 2010.
Flest føretak innanfor byggje- og anleggsverksemd
Frå 1. januar 2012 til 1. januar 2013 auka talet på føretak med 4,3 prosent. Per 1. januar 2013 var det flest føretak innanfor byggje- og anleggsverksemd, med 14,1 prosent av føretaka. Varehandel, hadde 13,6 prosent. Dei førebelse tala for 2014 er om lag uendra samanlikna med 1. januar 2013.
I 2012 vart det lagt ned 49 624 føretak. Flest føretak vart lagde ned innanfor fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting med 7 368. Innanfor byggje- og anleggsverksemd vart 6 347 lagde ned, medan varehandel hadde 6 331 nedleggingar.
Nedgang i informasjonssektoren
Samanlikna med 2012 gjekk talet på nyetableringar i informasjonssektoren ned med 2,9 prosent i 2013. Totalt vart det etablert 3 478 føretak i informasjonssektoren i 2013. Av desse var 2 630 innanfor IKT-sektoren og 848 innanfor innhaldssektoren og mediesektoren. I IKT-sektoren gjekk talet på nyetablerte føretak ned med 1,9 prosent frå 2012 til 2013, medan innhalds- og mediesektoren hadde ein nedgang på 6 prosent. Sju av ti nyetableringar var innanfor IKT-tenester.
Denne sida blir ikkje oppdatert lenger, sjå Føretak, Kvartalvis.
Kontakt
-
Håkon Frøysa Skullerud
E-post: hakon.skullerud@ssb.no
tlf.: 41 43 59 39
-
Salah Eddine Ziade
E-post: salah.ziade@ssb.no
tlf.: 21 09 48 35