Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
To av fem føretak har berre mannlege tilsette
I nesten halvparten av føretaka i Noreg var det både mannlege og kvinnelege tilsette per 1. januar 2013. I 17 prosent av føretaka arbeidde det berre kvinner, medan 38 prosent av føretaka berre hadde menn i arbeidsstokken.
2013 | 2013 | 2010-2013 | |
---|---|---|---|
Føretak | Nyetableringar | Høgvekstføretak | |
Totalt tal på føretak med tilsette | 129 597 | 4 864 | 723 |
Delen føretak med berre mannlege tilsette | 37,5 | 57,9 | 6,4 |
Delen føretak med berre kvinnelege tilsette | 16,8 | 20,9 | 0,6 |
Delen føretak med både mannlege og kvinnelege tilsette | 45,7 | 21,2 | 93,1 |
Kjønnssamansetninga varierer frå næring til næring. I 63 prosent av føretaka som dreiv innanfor byggje- og anleggsverksemd, og i 64 prosent av føretaka innanfor transport og lagring var alle tilsette menn. På den andre sida hadde 60 prosent av føretaka innanfor anna tenesteyting og 46 prosent innanfor helse- og sosialtenester berre kvinnelege tilsette.
Dei fleste føretaka hadde få tilsette, og 80 prosent hadde færre enn ti tilsette.
Høgvekstføretak derimot har minst 17 tilsette, og 93 prosent av dei hadde både mannlege og kvinnelege tilsette. Tilsvarande tal for alle føretak per 1. januar 2013 med minst 20 tilsette var 97 prosent.
I 74 prosent av føretaka hadde over halvparten av dei tilsette vidaregåande skule som høgaste fullførte utdanning, medan over halvparten av dei tilsette i 20 prosent av føretaka hadde universitets- eller høgskuleutdanning. I 28 prosent av føretaka innanfor finansierings- og forsikringsverksemd og 38 prosent av føretaka innanfor fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting hadde alle tilsette høgare utdanning.
Også i høgvekstføretak dominerer vidaregåande utdanning blant dei tilsette. I 79 prosent av høgvekstføretaka hadde over halvparten av dei tilsette vidaregåande skule som høgast fullførte utdanning. Delen høgvekstføretak der alle tilsette hadde utdanning frå høgskule eller universitet, låg på 0,4 prosent, medan delen føretak der alle tilsette hadde vidaregåande utdanning, var på 7,5 prosent.
Statistikken omfattar føretak som har tilsette Åpne og lesLukk
Statistikken omfattar føretak (unntatt offentleg forvaltning og primærnæringane) som har tilsette, og beskriv eigenskapar knytte til desse. Statistikken omfattar ikkje eigarar av personleg eigde føretak, det vil seie innehavarar av enkeltpersonføretak (ENK). Deltakarar i ansvarlege selskap (ANS) eller selskap med delt ansvar (DA) inngår heller ikkje i statistikken.
Denne sida blir ikkje oppdatert lenger, sjå Føretak, Kvartalvis.
Kontakt
-
Håkon Frøysa Skullerud
E-post: hakon.skullerud@ssb.no
tlf.: 41 43 59 39
-
Salah Eddine Ziade
E-post: salah.ziade@ssb.no
tlf.: 21 09 48 35