238545_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/aarleg-kjennetekn-tilsette
238545
Uendra kjønnssamansetning i føretaka
statistikk
2015-12-01T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
false
Statistikken beskriver foretak etterde ansattes kjønn og alder samt foretakenes næring. I 17 prosent av foretakene arbeider bare kvinner, i 38 prosent bare menn.

Føretak1. januar 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Uendra kjønnssamansetning i føretaka

45 prosent av alle føretaka hadde både mannlege og kvinnelege tilsette per 1. januar 2014. I 38 prosent av føretaka var det berre menn i arbeidsstokken, medan det arbeidde berre kvinner i 17 prosent av føretaka.

Føretak etter kjenneteikn ved dei tilsette
201420142011-2014
FøretakNyetableringarHøgvekstføretak
Totalt tal på føretak med tilsette133 1644 575827
Delen føretak med berre mannlege tilsette38,155,46,0
Delen føretak med berre kvinnelege tilsette16,622,30,7
Delen føretak med både mannlege og kvinnelege tilsette45,322,393,2

Kjønnssamansetninga er ulik frå næring til næring. I 64 prosent av føretaka innanfor byggje- og anleggsverksemd, samt transport og lagring var alle tilsette menn. Derimot hadde 60 prosent av føretaka innanfor annan tenesteyting og 44 prosent av føretaka innanfor helse- og sosialtenester berre kvinnelege tilsette.

Dei fleste føretaka hadde få tilsette, og 79 prosent hadde færre enn ti tilsette.

Låg gjennomsnittsalder i større føretak

I 14 prosent av føretaka var gjennomsnittsalderen til dei tilsette mellom 16 og 24 år.Dei fleste føretaka i denne gruppa var innanfor overnattings- og serveringsverksemd, varehandel og reparasjon av motorvogner, samt kulturell verksemd, underhaldning og fritidsaktivitetar. Jo fleire tilsette føretaka har, dess yngre var arbeidsstokken.

Flest med styreerfaring i tenesteytrande føretak

Minst ein av dei tilsette i over 80 prosent av føretaka sat eller hadde sete i eitt eller fleire styre. For 26 prosent av føretaka galdt dette alle tilsette. Her var det næringane omsetning og drift av fast eigedom, samt fagleg, vitskapeleg og teknisk tenesteyting som skilde seg ut. Der hadde alle tilsette i rundt halvparten av føretaka erfaring frå styrearbeid.

Statistikken omfattar føretak som har tilsetteÅpne og lesLukk

Statistikken omfattar føretak (unnateke offentleg forvaltning og primærnæringane) som har tilsette, og beskriv kjenneteikn knytte til desse. Statistikken omfattar ikkje eigarar av personleg eigde føretak, det vil seie innehavarar av einskildpersonføretak (ENK). Deltakarar i ansvarlege selskap (ANS) eller selskap med delt ansvar (DA) inngår heller ikkje i statistikken.