Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Aksjeselskapa viktigast for sysselsettinga
Til saman var det 435 000 aktive føretak i Noreg i 2012. Fire av ti føretak var aksjeselskap, og desse selskapa stod for tre firedelar av den totale omsetninga og sysselsettinga.
2012 | Forandring fra forrige år | |
---|---|---|
Antall | Prosent | |
Foretak | 435 093 | 2,1 |
Omsetning (mill. kr) | 5 347 324 | 5,6 |
Sysselsatte | 1 878 460 | 2,0 |
Føretaka hadde totalt 1,9 millionar sysselsette og omsette for 5 347 milliardar kroner. Tala omfattar alle føretak unnateke offentleg forvaltning.
Flest enkeltpersonføretak og aksjeselskap
Nær 92 prosent av føretaka i 2012 var anten aksjeselskap (AS) eller enkeltpersonføretak (ENK). Aksjeselskapa, som utgjorde 41 prosent av føretaka, var viktigast reint økonomisk, sjølv om det var fleire enkeltpersonføretak: 51 prosent av alle føretak. Aksjeselskapa stod for 77 prosent av den totale omsetninga og 74 prosent av sysselsettinga, medan enkeltpersonføretaka utgjorde 3 prosent av omsetninga og 12 prosent av sysselsettinga.
Størst omsetning innanfor bergverksdrift og utvinning samt varehandel
Saman med varehandel stod føretak innanfor bergverksdrift og utvinning for den største omsetninga. Dei to næringane bidrog kvar med 26 prosent av den totale omsetninga. Varehandelen hadde òg den største sysselsettinga med 20 prosent av alle sysselsette. Flest føretak var det derimot innanfor jordbruk, skogbruk og fiske, som hadde ein prosentdel på 17. Deretter kom varehandel samt byggje- og anleggsverksemd med 12 prosent kvar.
Føretak innanfor industri utgjorde 4 prosent av alle føretak. Men dei hadde 13 prosent av den totale omsetninga og 12 prosent av alle sysselsette. Den gjennomsnittlege omsetninga og sysselsettinga for industriføretak var 40 millionar kroner og 13 sysselsette. Til samanlikning hadde føretak innanfor varehandelen gjennomsnittleg 27 millionar kroner i omsetning og 7 sysselsette, medan føretak innanfor byggje- og anleggsverksemd hadde respektive 8 millionar kroner og 4 sysselsette.
Dei fleste føretaka var små
Dei fleste føretaka var små målt i talet på sysselsette, heile 87 prosent hadde færre enn 5 sysselsette. Desse minste føretaka stod for 18 prosent av den totale omsetninga og utgjorde 19 prosent av alle sysselsette. Berre 0,5 prosent av føretaka hadde 100 eller fleire sysselsette, men desse største føretaka stod for 52 prosent av den totale omsetninga og 40 prosent av sysselsettinga.
Denne sida blir ikkje oppdatert lenger, sjå Føretak, Kvartalvis.
Kontakt
-
Håkon Frøysa Skullerud
E-post: hakon.skullerud@ssb.no
tlf.: 41 43 59 39
-
Salah Eddine Ziade
E-post: salah.ziade@ssb.no
tlf.: 21 09 48 35