Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Tre av fire sysselsatt i aksjeselskap
I 2013 var det 437 000 aktive føretak i Noreg. 43 prosent av føretaka var aksjeselskap. Desse selskapa stod for 76 prosent av den totale sysselsettinga og 79 prosent av den totale omsetninga.
2013 | ||
---|---|---|
Tal | Endring frå førre år. Prosent | |
Rettet 8. november 2016. | ||
Føretak | 437 247 | 0,5 |
Omsetning (mill.kr.) | 5 418 232 | 1,3 |
Sysselsette | 1 897 270 | 1,0 |
Føretaka hadde totalt 1,9 millionar sysselsette, og omsette for 5 418 milliardar kroner1. Tala omfattar alle føretak unnateke offentleg forvaltning.
Varehandel hadde høgast sysselsetting og omsetning
Føretak innanfor varehandel stod for 19 prosent av total sysselsetting og av desse var 22 prosent sysselsett i aksjeselskap. Føretak innanfor industri og byggje- og anleggsverksemd hadde 12 prosent av den totale sysselsettinga kvar.
Føretak innanfor varehandel hadde omsetning på 1 430 milliardar kroner i 2013. Saman med føretak i bergverksdrift og utvinning, som hadde omsetning på 1 311 milliardar kroner, stod dei for halvparten av den totale omsetninga i Noreg.
Einskildpersonføretak og aksjeselskap i fleirtal
Einskildpersonføretak og aksjeselskap stod for høvesvis 49 prosent og 43 prosent av alle føretak i 2013. Dermed var heile 92 prosent av føretaka anten aksjeselskap eller einskildpersonføretak. Det var flest føretak innanfor jordbruk, skogbruk og fiske med ein prosentdel på 16, medan byggje- og anleggsverksemd og varehandel hadde 12 prosent kvar. Ni av ti føretak innanfor jordbruk, skogbruk og fiske var einskildpersonføretak. Innanfor byggje- og anleggsverksemd var fem av ti føretak einskildpersonføretak.
Størstedel av føretaka var små
I 2013 var det mange føretak med få sysselsette. Så mange som 87 prosent av alle føretak hadde færre enn 5 sysselsette. Av desse finn vi eit av fem føretak innanfor jordbruk, skogbruk og fiske. Berre 0,5 prosent av føretaka hadde 100 eller fleire sysselsette, og av dei var det eit av fem føretak innanfor varehandel.
1 Tallet er rettet.
Denne sida blir ikkje oppdatert lenger, sjå Føretak, Kvartalvis.
Kontakt
-
Håkon Frøysa Skullerud
E-post: hakon.skullerud@ssb.no
tlf.: 41 43 59 39
-
Salah Eddine Ziade
E-post: salah.ziade@ssb.no
tlf.: 21 09 48 35