Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
22 000 nye føretak i 1. halvår
Det vart i 1. halvår 2002 registrert 22 177 nye føretak i Noreg. I heile 2001 vart det registrert 38 373 nye føretak. Tala omfattar alle føretak unnateke offentleg forvaltning og primærnæringane.
Det viser statistikk frå Statistisk sentralbyrå sitt Bedrifts- og føretaksregister. Det er fyrste gong denne statistikken blir publisert. Det er uvisse knytt til nokre av desse tala som er omtala i Om statistikken.
Nyetableringar og avgangar
93 prosent, eller 35 537 av dei nye føretaka i 2001, er nyetableringar. Det vil seie at føretaket ikkje er registrert for å ta over ei eksisterande verksemd som til dømes ved eit eigarskifte.
For 2001 er det så langt registrert opphøyr i verksemda i 22 803 føretak.
I august 2002 var det om lag 35 000 tilsette i føretak som var nyetablerte i 2001, medan det var om lag 63 600 tilsette i alle nye føretak. Talet på tilsette i nyetablerte føretak utgjer om lag 55 prosent av talet på tilsette i alle nye føretak. 45 prosent av dei tilsette i nye føretak er altså tilsette i dei 7 prosent av føretaka som er registrerte for å overta ei eksisterande verksemd. Det var i desember 2000 om lag 75 0001 tilsette i føretak som har lagt ned eller selt verksemda i 2001.
Flest nye føretak innanfor forretningsmessig tenesteyting
Totalt er auken i 1. halvår 2002 på 7,4 prosent. Målet for auke er talet på nye føretak 1. halvår i høve til bestanden 1. januar 2002. Innanfor forretningsmessig tenesteyting vart det om lag 4 400 nye føretak, som er den største auken i absolutte tal. I databehandlingsverksemd er det om lag 1 500 nye føretak, det vil seie ein auke på 15 prosent.
Stor utskifting i IKT-sektoren
For IKT-sektoren samla er auken i 1. halvår på nærare 12 prosent. Det er også relativt fleire avgangar innanfor IKT-sektoren enn i populasjonen totalt, om lag 15 prosent av bestanden per 1. januar 2001. Tilsvarande tal for heile populasjonen er om lag 8 prosent.
Flest nye einmannsføretak
I 1. halvår 2002 vart det registrert om lag 15 000 nye einmannsføretak og om lag 6 000 nye aksjeselskap. Tilsvarande tal for heile 2001 var om lag 23 000 nye einmannsføretak og om lag 12 000 nye aksjeselskap.
Størst auke i sentrale strok
Den prosentvis største auken i 1. halvår finn vi i Oslo, Akershus og Sør-Trøndelag med om lag 8 prosent. Tredjeparten av dei nye føretaka i 1. halvår er registrert i Oslo og Akershus. Lågast prosentvis auke er det i Sogn og Fjordane med om lag 5 prosent, medan det er registrert berre 266 nye føretak i Finnmark.
Meir i Statistikkbanken
Tala om føretaka vil også bli å finne i Statistikkbanken om kort tid. I tillegg til hovudtabellane finn du i Statistikkbanken bestandstal, nye føretak og nyetableringar i 2001 etter næring, organisasjonsform og storleik etter talet på tilsette. Nye føretak og nyetableringar 1.-2. kvartal 2002 og føretak der verksemda opphøyrde i 2001, er fordelte etter næring og organisasjonsform. Føretak, omsetning og sysselsette i 2000 er fordelte etter næring, organisasjonsform og storleik etter talet på sysselsette. Alle tabellar er tilgjengelege på nasjonalt nivå og fylkesnivå.
1 | Tal retta 5. november 2002. |
Tabeller:
- Tabell 1 Bestandstal, nyregistreringar, nyetableringar og opphøyr, etter næring. 2001-2. kvartal 2002
- Tabell 2 Bestandstal, nyregistreringar, nyetableringar og opphøyr i IKT-næringa. 2001-2. kvartal 2002
- Tabell 3 Bestandstal, nyregistreringar, nyetableringar og opphøyr, etter organisasjonsform. 2001-2. kvartal 2002
- Tabell 4 Bestandstal, nyregistreringar, nyetableringar og opphøyr, etter fylke. 2001-2. kvartal 2002
- Tabell 5 Tilsette i nye føretak og opphøyrde føretak i 2001 og i bestanden per 1. januar 2001 og 1. januar 2002
Kontakt
-
Håkon Frøysa Skullerud
E-post: hakon.skullerud@ssb.no
tlf.: 41 43 59 39
-
Salah Eddine Ziade
E-post: salah.ziade@ssb.no
tlf.: 21 09 48 35