23388_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/arkiv
23388
Fleire nye føretak i 2002
statistikk
2003-03-03T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Føretak4. kvartal 2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire nye føretak i 2002

Det vart registrert 19 948 nye føretak i Noreg i andre halvår i 2002. I heile 2002 vart det registrert 42 125 nye føretak, og dette er 3 752 fleire enn i 2001. Tala omfattar alle føretak unnateke offentleg forvaltning og primærnæringane.

Det viser statistikk frå Statistisk sentralbyrås Bedrifts- og føretaksregister.

Nedgang i høve til fyrste halvår

Talet på nyregistreringar og nyetableringar er noko lågare i andre halvår 2002 enn i fyrste, men høgare enn for andre halvår 2001. Om lag 94 prosent av nyregistreringane er også nyetableringar. Det vil seie at føretaket ikkje er registrert for å ta over ei eksisterande verksemd i samband med eit eigarskifte. Delen nyetableringar av det totale talet på nyregistreringar har halde seg konstant.

Meir i Statistikkbanken

I Statistikkbanken er nyregistreringar og nyetableringar fordelte etter næring, organisasjonsform og fylke. Her finn du og bestandtal per 1. januar 2001 og 2002 og opphøyrde føretak i 2001 som vart publisert 5. november 2002.

Tabeller: