23324_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/arkiv
23324
Jamn auke i talet på føretak
statistikk
2003-04-28T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Føretak1. januar 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Jamn auke i talet på føretak

Frå 2001 til 2003 har det vore ein jamn auke i talet på føretak. Det er flest nye einmannsføretak. Tala omfattar alle føretak unnateke offentleg forvaltning og primærnæringane.

Prosentvis fordeling av føretak per 1. januar, etter organisasjonsform

Dette viser tal frå Statistisk sentralbyrås bedrifts- og føretaksregister (BoF). Datagrunnlaget for bestandstala per 1. januar 2002 er oppdatert i høve til førre publisering. I samband med dette er det også gjort visse justeringar i definisjonen av bestandstal og opphøyr, samt at det er blitt registrert ein del tilbakedaterte opphøyr av føretak. Bestandstal for 1. januar 2001 og 2002, og talet på opphøyr i 2001 vil difor avvike noko frå det som tidlegare er publisert. Dette er omtala i "Om statistikken".

Fleire føretak og færre tilsette

Det er registrert nokon fleire føretak per 1. januar 2003 enn på same tidspunkt i 2002 og 2001. Den største auken har vore i talet på einmannsføretak. Andelen einmannsføretak har auka frå 43 prosent i 2001 til 48 prosent i 2003 (figur 1).

Talet på tilsette knytt til føretaka i bestanden per 1. januar har gått noko tilbake. Per 1. januar 2003 var det betydeleg færre tilsette innanfor mellom anna industrien, bygg- og anleggsverksemd og databehandlingsverksemd enn i bestanden per 1. januar 2002.

Nyetableringar og nedleggingar

For endringane mellom bestandstala per 1. januar skil vi mellom nyregistreringar/nyetableringar og opphøyr/nedleggingar.

Ei nyetablering er ei nyregistrering kor føretaket ikkje er registrert for å overta ei eksisterande verksemd, til dømes ved eit eigarskifte. I 2002 var det mange nye føretak innanfor databehandlingsverksemd og annan forretningsmessig tenesteyting.

Prosentfordeling føretak og tilsette i nye føretak

Prosentfordeling føretak og tilsette i opphøyrde føretak

Alle føretak kor verksemda vert lagt ned eller seld, blir rekna som opphøyrde føretak. Som nedlagte føretak reknar vi føretak der all verksemd blir lagt ned. Dersom heile eller delar av verksemda blir overteke og drive vidare av eit anna føretak, reknast ikkje føretaket som nedlagt, berre opphøyrt. Det er mange opphøyrde føretak innanfor bygg- og anlegg, varehandel og annan forretningsmessig tenesteyting. Opphøyrstala for både 2001 og 2002 er førebelse tal.

Om lag 93 prosent av alle nyregistreringar er klassifisert som nyetableringar, og 81 (2002) og 85 (2001) prosent av alle opphøyr er klassifisert som nedleggingar. Nyetablerte og heilt nedlagte føretak har få tilsette. 60 prosent (2001) og 70 prosent (2002) av dei tilsette i nye føretak var tilsette i føretak som vart registrert for å overta eksisterande verksemder (figur 2). I 2002 var 80 prosent av dei tilsette i opphøyrde føretak tilsette i føretak kor heile eller delar av verksemda vart overteke av eit anna føretak. Tilsvarande tal for 2001 er 62 prosent (figur 3). Det høge talet på tilsette i opphøyrde, men ikkje nedlagte føretak i 2002 kjem i stor grad av omorganisering av ein del store statlege føretak.

Færre IKT-føretak

Det er nokon færre IKT-føretak 1. januar 2003 samanlikna med 1. januar 2002. Grunnen til dette er mellom anna endringar i næringsstandarden som blir nytta til å klassifisere IKT-føretak. Ein del føretak som var klassifiserte som IKT-føretak 1. januar 2002 er det ikkje per 1. januar 2003. Dette gjeld mellom anna engroshandel med maskiner og utstyr for kontor, som no er delt i engroshandel med datamaskiner og engroshandel med anna kontorutstyr. Det er også registrert færre opphøyr blant IKT-føretak i 2002 enn i 2001

Meir i Statistikkbanken

I Statistikkbanken finn du talet på føretak og tilsette i bestanden 1. januar og nye føretak/nyetableringar etter næring, størrelsesgrupper (talet på tilsette) og organisasjonsform. Vidare opphøyrde føretak/nedleggingar og kvartalstal for nye føretak/nyetableringar etter næring og organisasjonsform. Alle tabellar er tilgjengelege på nasjonalt nivå og fylkesnivå.

Tabeller: