Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
11 555 nye føretak i 1. kvartal 2003
Det vart registrert 11 555 nye føretak i Noreg i 1. kvartal 2003. Dette er 920 fleire enn i siste kvartal i 2002. Tala omfattar alle føretak utanom offentleg forvaltning og primærnæringane.
Det viser statistikk frå Statistisk sentralbyrå sitt Bedrifts- og føretaksregister.
Ingen auke i forhold til 1. kvartal 2002
Samanlikna med 1. kvartal 2002 er talet på nyregistreringar og nyetableringar omtrent uendra, mens det altså er ein viss auke i forhold til siste kvartal i 2002.
Om lag 91 prosent av nyregistreringane er nyetableringar. Det vil seie at føretaket ikkje er registrert for å ta over ei eksisterande verksemd i samband med eit eigarskifte.
Meir i Statistikkbanken
I Statistikkbanken er nyregistreringar og nyetableringar fordelte etter næring, organisasjonsform og fylke. Her finst òg bestandstal per 1. januar 2001-2003 og opphøyrde føretak i 2001 og 2002 som vart publisert 28. april 2003.
Tabeller:
Kontakt
-
Håkon Frøysa Skullerud
E-post: hakon.skullerud@ssb.no
tlf.: 41 43 59 39
-
Salah Eddine Ziade
E-post: salah.ziade@ssb.no
tlf.: 21 09 48 35