23322_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/arkiv
23322
Jamn auke i talet på føretak
statistikk
2004-03-08T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Føretak1. januar 2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Jamn auke i talet på føretak

Det har vore ein jamn auke i talet på føretak frå 2001 til 2004. Det er flest einpersonsføretak. Tala omfattar alle føretak utanom offentleg forvaltning og primærnæringane.

Dette viser tal frå Statistisk sentralbyrå sitt Bedrifts- og føretaksregister. Datagrunnlaget for bestandstala per 1. januar 2002 og 1. januar 2003 er oppdaterte i høve til førre publisering. I samband med dette er og tala for opphøyr i 2001 og 2002 oppdaterte. Bestandstal for 1. januar 2002 og 2003 og tala på opphøyr for 2001 og 2002 vil difor avvike noko frå tal som tidlegare er publisert. Dette er omtala i "Om statistikken".

Fleire føretak, men færre tilsette

Det har vore ein jamn auke i talet på føretak frå 1. januar 2001 til 1. januar 2004. Men i den same perioden har talet på tilsette knytt til føretaka gått noko ned.

Føretak som er organisert som aksjeselskap, utgjer ein stadig mindre del av totalpopulasjonen. 1. januar 2001 var 45 prosent av alle føretak aksjeselskap, medan 40 prosent av føretaka 1. januar 2004 var aksjeselskap. Tilsvarande har delen av einpersonsføretak auka frå 43 prosent 1. januar 2001 til 50 prosent av alle føretak 1. januar 2004.

Nyetableringar og nedleggingar

Talet på nyetableringar har gått noko ned frå 2002 til 2003. Både i 2003 og 2002 var om lag 68 prosent av nyetableringane einpersonsføretak og om lag 24 prosent aksjeselskap.

Flest føretak i Oslo

Talet på føretak har auka i alle fylke frå 1. januar 2001 til 1. januar 2004. Flest føretak finn ein i Oslo som per 1 januar 2004 hadde 18 prosent av føretaka i landet. Det er og Oslo som har hatt størst auke i delen av alle føretak frå 2001 til 2004. Oslo og Akershus har til saman om lag 30 prosent av føretaka. Finnmark og Sogn og Fjordane har færrast føretak, med til saman mindre enn 4 prosent.

Om lag 22 prosent av nyetableringane finn stad i Oslo, medan det er om lag 12 prosent i Akershus.

Men det er og i Oslo og Akershus ein finn flest nedleggingar i 2001-2003, med noko over 30 prosent av alle nedleggingar.

Meir i Statistikkbanken

I Statistikkbanken finn du talet på føretak og tilsette i bestanden 1. januar og nye føretak/nyetableringar etter næring, størrelsesgrupper (talet på tilsette) og organisasjonsform. Vidare opphøyrde føretak/nedleggingar og kvartalstal for nye føretak/nyetableringar etter næring og organisasjonsform. Alle tabellar er tilgjengelege på nasjonalt nivå og fylkesnivå.

Tabeller: