Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
12 950 nye føretak
Det vart registrert 12 950 nye føretak i 1. kvartal 2004. Dette er 1 985 fleire enn i siste kvartal i 2003. Tala omfattar alle føretak utanom offentleg forvaltning og primærnæringane.
Det viser statistikk frå Statistisk sentralbyrå sitt Bedrifts- og føretaksregister.
Auke i høve til 1. kvartal 2003
Samanlikna med 1. kvartal 2003 er det ein auke på 1 395 nyregistreringar, medan det er ein endå større auke i høve til siste kvartal i 2003.
Om lag 91 prosent av nyregistreringane er nyetableringar. Det vil seie at føretaket ikkje er registrert for å ta over ei eksisterande verksemd i samband med eit eigarskifte.
Meir i Statistikkbanken
I Statistikkbanken er nyregistreringar og nyetableringar fordelte etter næring, organisasjonsform og fylke. Her finn du òg bestandstal per 1. januar 2001-2004 og opphøyrde føretak i 2001-2003.
Tabeller:
Kontakt
-
Håkon Frøysa Skullerud
E-post: hakon.skullerud@ssb.no
tlf.: 41 43 59 39
-
Salah Eddine Ziade
E-post: salah.ziade@ssb.no
tlf.: 21 09 48 35