23314_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/foretak/arkiv
23314
Talet på føretak aukar
statistikk
2005-04-08T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
foretak, Føretak, ansatte, sysselsatte, omsetning, foretaksstørrelse, foretak etter næring, organisasjonsformer (for eksempel aksjeselskap, enkeltpersonforetak, norskregistrerte utenlandske foretak (NUF)), nyetableringer, eierskifte, nyregistreringer, høyvekstforetak, opphørte foretak, avganger, nedleggelser, nye foretakVirksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Føretak1. januar 2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Talet på føretak aukar

Talet på føretak aukar. Det vert stadig fleire føretak innanfor forretningsmessig tenesteyting. I høve til 1. januar 2004 var det fleire tilsette i bestanden 1. januar 2005. I tillegg var det rekordmange nyetablerte føretak i 2004.

Dette syner tal frå Statistisk sentralbyrå sitt Bedrifts- og føretaksregister. Tala omfattar alle føretak utanom offentleg forvaltning og primærnæringane. Datagrunnlaget for bestandstala per 1. januar 2004 er oppdatert i høve til førre publisering og er no endeleg. I samband med dette er òg tala for nedleggingar i 2003 oppdaterte og endelege. På grunn av etterslep i registreringa av opphøyr er talet for nedleggingar i 2004 ikkje endeleg. Bestandstalet per 1. januar 2005 er difor òg førebels og vil verte justert ned ved neste publisering når alle opphøyr i 2004 er registrert. Dette er omtala i "Om statistikken".

Eit av tre føretak er innanfor eigedomsdrift, utleigeverksemd og forretningsmessig tenesteyting

Flest føretak er det innanfor eigedomsdrift, utleigeverksemd og forretningsmessig tenesteyting. Denne næringa utgjer ein stadig aukande del av alle næringane, frå 28 prosent av alle føretak per 1. januar 2001 til 31 prosent av alle føretak per 1. januar 2005. Til saman har talet på føretak i denne næringa auka med 22 prosent i denne perioden. Vel ein tredel av alle nyetableringane i 2001-2004 og om lag ein tredel av alle nedleggingane i 2001-2003 var òg innanfor denne næringa. Varehandelen som er den nest største næringa har frå 2001 til 2004 ein jamn nedgang, frå 22 prosent til 20 prosent av alle føretak. Også innanfor industrien er det ein merkbar nedgang. Per 1. januar 2001 var det 3 prosent fleire industriføretak enn per 1. januar 2004, då nesten 8 prosent av alle føretaka var innanfor industrien. Den tredje største næringa er byggje- og anleggsverksemda. Denne næringa utgjer 13 prosent av alle føretak i bestanden, eit tal som har halde seg konstant frå 2001 til 2004. 10 prosent av alle nyetableringane i 2001-2004 var innanfor byggje- og anleggsverksemda.

Aukande del enkeltpersonføretak

Dei to dominerande organisasjonsformene er enkeltpersonføretak (ENK) og aksjeselskap (AS). Desse syner ulik utvikling i bestanden 2001 til bestanden 2004. Delen enkeltpersonføretak av den totale bestanden har auka frå 43 prosent i 2001 til 47 prosent i 2004. Samstundes har delen aksjeselskap gått ned frå 45 prosent til 43 prosent. Likevel har talet på aksjeselskap gått opp i denne perioden.

Nyetablerte føretak i informasjonssektoren. 2001-2004

Føretak per 1. januar 2001-2004, etter næring

Fleire tilsette i bestanden 1. januar 2005

Talet på tilsette i føretak per 1. januar 2005 syner ein svak auke i høve til 2004. Dette er første gongen det er registrert ein auke i talet på tilsette i bestanden sidan 2001. Flest tilsette er det innanfor varehandelen med om lag ein femdel av alle tilsette. Næringane undervisning, helse- og sosialtenester og andre sosiale og personlege tenester har hatt ein auke i talet på tilsette kvart år frå 2001 til 2005. Den totale auken i denne perioden i dei tre næringane er 12 394 tilsette. I industrinæringane er talet på tilsette gått ned kvart år. Frå bestanden 2001 til bestanden 2005 er nedgangen totalt på 13 prosent. Men industrien er framleis den nest største næringa etter talet på tilsette med 19 prosent av dei tilsette per 1. januar 2005. Også innanfor transport og kommunikasjon er det ein jamn nedgang i tilsette med 10 prosent færre tilsette i 2005 enn i 2001. Til saman er det per 1. januar 2005 53 533 færre tilsette i desse to næringane enn det var per 1. januar 2001.

Informasjonssektoren er sett saman av IKT-sektoren og innhaldssektoren. IKT-sektoren omfattar næringar som produserer varer og tenester for informasjonssamfunnet. Innhaldssektoren omfattar næringar som produserer innhald som tekst, lyd og bilete for informasjonssamfunnet.

Fleire nyetableringar i innhaldssektoren, færre i IKT-sektoren

Medan talet på nyetableringar for alle næringar auka med heile 11 prosent frå 2003 til 2004, var auken i informasjonssektoren på berre 5 prosent. Men det er stor skilnad mellom IKT-sektoren og innhaldssektoren. I innhaldssektoren auka talet på nyetableringar med heile 21 prosent frå 2003 til 2004, medan tilsvarande tal for IKT-sektoren syner ein nedgang på 1 prosent. Delen nyetableringar i innhaldssektoren av alle nyetableringar i informasjonssektoren har auka kvart år frå 21 prosent i 2001 til 30 prosent i 2004. Tilsvarande har delen av nyetableringar innanfor IKT-sektoren gått ned frå 79 prosent av nyetableringar innanfor informasjonssektoren i 2001 til 70 prosent i 2004. Det er i innhaldssektoren auken i informasjonssektoren finn stad, medan det innanfor IKT-næringane vert færre nyetableringar.

Meir i Statistikkbanken

I Statistikkbanken finn du talet på føretak og tilsette i bestanden 1. januar, nye føretak/nyetableringar og opphøyrde foretak/nedleggingar etter næring, storleiksgrupper (talet på tilsette) og organisasjonsform. Alle tabellane er tilgjengelege på nasjonalt nivå og fylkesnivå.

Tabeller: