Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
13 629 nye føretak
Det vart registrert 13 629 nye føretak i Noreg i 1. kvartal 2005. Dette er ein auke på 679 føretak -5 prosent - i høve til 1. kvartal 2004. Tala omfattar alle føretak utanom primærnæringane og offentleg forvaltning.
Det viser statistikk frå Statistisk sentralbyrå sitt Bedrifts- og føretaksregister.
Auke i høve til 4. kvartal 2004
Samanlikna med 4. kvartal i 2004 vart det registrert 908 -7 prosent- fleire nye føretak. Nye føretak kan fordelast på eigarskifte (føretaket vert registrert for å ta over ei eksisterande verksemd) og nyetableringar (representerer heilt nye verksemder). Om lag 92 prosent av nyregistreringane er nyetableringar.
Meir i statistikkbanken
I statistikkbanken finn du òg nyregistreringar og nyetableringar fordelte etter næring, organisasjonsform og fylke. Her finst òg bestandstal per 1. januar 2001-2005 og opphøyrde føretak i 2001-2004.
Tabeller:
Kontakt
-
Håkon Frøysa Skullerud
E-post: hakon.skullerud@ssb.no
tlf.: 41 43 59 39
-
Salah Eddine Ziade
E-post: salah.ziade@ssb.no
tlf.: 21 09 48 35